Tyreoideascintigrafi

Scintigrafi av skjoldbruskkjertelen

Ved thyreoideascintigrafi får du ein liten dose radioaktivitet injisert gjennom eit tynt plastrøyr (venekanyle) som ligg i ei blodåre i armen. Det radioaktive stoffet blir teke opp i skjoldbruskkjertelen (thyroidea) på halsen og vi avbildar kjertelen med eit gammakamera eventuelt supplert med SPECT/CT. Bileta fortel oss korleis opptaket i kjertelen er og kan dermed seie oss noko om funksjonen i skjoldbruskkjertelen.

Om undersøkinga

Scintigrafi av skjoldbruskkjertelen blir vanlegvis utført for å avklare årsaka til at kjertelen lagar for mykje tyroksin/gir høgt stoffskifte. Undersøkinga kan også seie noko om kva nytte du vil ha av å få behandling med radioaktivt jod ved ulike tilstandar med høgt stoffskifte.

Tilvising og vurdering

For å få behandling i spesialisthelsetenesta treng du tilvising. Fastlegen er den som oftast tilviser. I nokre tilfelle kan anna helsepersonell vise deg, til dømes til biletundersøkingar (MR, CT eller røntgen). Når vi har fått tilvisinga, vil du få svar på om du har rett til behandling i spesialisthelsetenesta.

Før

Det er svært viktig at du les innkallingsbrevet grundig. Her får du informasjon som er viktig for undersøkinga.

Dersom du ikkje kan møte til timen, ber vi deg gi beskjed om dette så fort som mogleg etter at du har fått innkallingsbrevet.

Dersom du er gravid eller kan vere gravid, skal du ta kontakt med nukleærmedisinsk avdeling så raskt som mogleg etter at du har fått innkalling til undersøkinga. I dei aller fleste tilfella skal då denne undersøkinga ikkje blir gjennomført. Ikkje ta med gravide eller små barn som følgje til undersøkinga.

Viktige førebuingar

Dersom du bruker medisinar for å regulere stoffskiftet, må du slutte med desse ei tid før undersøkinga. Følg det som står i innkallingsbrevet eller beskjeden du har fått frå legen som tilviste deg.

Dersom du har vore til ei undersøking der du har fått jodholdig kontrast siste 8 veker, må du ta kontakt med oss. Det kan då vere nødvendig å gi deg ein ny time.

Under

Du får eit tynt plastrøyr (venekanyle) i armen der vi tek blodprøvar (stoffskifteprøvar) og set inn det radioaktive stoffet (Technesium). Stikket i armen gjer ikkje vondare enn ein blodprøve.

Du må vente omtrent 20 minutt før vi kan ta bilete av deg.

Det tek 10–20 minutt å ta bileta, og du må kunne liggje stille på ryggen i denne tida.

Etter

Du kan reise heim når undersøkinga er ferdig.

Etter undersøkinga bør du drikke litt ekstra vatn fordi det radioaktive stoffet skilst ut gjennom nyrene. Det radioaktive stoffet vil vere ute av kroppen i løpet av 48 timar. Bileta skal etterbehandlast og granskast av legar ved sjukehuset. Svar på undersøkinga kjem til legen som har tilvist deg.

Ver merksam

Allergiske reaksjonar etter undersøkinga er ekstremt sjeldan. Det er elles ingen biverknader av undersøkinga.

Kontakt