Trivst godt i lag med kjekke kollegaer

Ingrid Grønås Fylkesnes (24) trur ikkje ho hadde fått fast jobb om det ikkje var for at ho hadde fått vist kva ho kunne i sommarjobben då ho var student.

Ingrid-Grønås-Fylkesnes.jpg

​Fekk fast jobb: Ingrid Grønås Fylkesnes fekk tilbod om fast jobb berre kort tid etter sin første sommarjobb på Stord sjukehus. Ho rår studentar til å søkje sommarjobb i Helse Fonna. Då blir det lettare å få seg jobb når ein er ferdig utdanna. Foto: Privat

Ingrid Grønås Fylkesnes kjem frå Bømlo, men studerte sjukepleie i Mo i Rana. 24-åringen hadde bestemt seg for å vende nasen sørover att, og difor var det ikkje tilfeldig at ho søkte på sommarjobb på Stord sjukehus sommaren 2019.

– Eg tenkte det kunne vere lurt med sommarjobb på Stord sjukehus, slik at eg fekk ein fot innanfor, og dermed låg betre an til fast jobb etter ferdig utdanning. Det viste seg å stemme, seier Grønås Fylkesnes, som jobbar på Medisin 4.

Likar å jobbe turnus

For alt same hausten fekk ho tilbod om sommarjobb året etter, og fast stilling i 50 prosent frå hausten 2020. I tillegg jobba ho eit par månader som pandemiassistent våren 2020, og ho fekk eit vikariat i halv stilling seinare på hausten, slik at ho jobba full stilling. Frå og med september 2021 har 24-åringen frå Bømlo hatt fast stilling i 80 prosent.

– Det er lett å få seg jobb, anten ta ledige vakter, eller vikariat, men det er ikkje alltid like lett å få fast jobb. Så eg har vore heldig, og er godt nøgd. No jobbar eg tredelt turnus på Medisin 4, og det passar meg bra. Eg likar å vere heime på dagtid, og eg får også fri midt i veka når eg jobbar helgevakt. Eg trivst godt med slik turnus, fortel sjukepleiaren.

Kan spør om alt

Ho trivst ikkje berre godt med turnusarbeid. Ho trivst også svært godt i lag med gode kollegaer.

– Medisin 4 er nok den travlaste posten på heile sjukehuset, men med gode kollegaer går det fint. Som ung og nyutdanna er det ingen problem å spørje om hjelp frå dei meir erfarne sjukepleiarane. Ein kan spørje om alt, utan å føle seg dum. Det gode arbeidsmiljøet er mykje av årsaka til at eg trivst så godt her, forklarar ho.

– Har du eit godt råd til dei som er studentar?

– Ja, søk på ein sommarjobb! Då får du vist kva du er god for, og dei får eit inntrykk av deg. Det er viktig i neste runde, når du er ferdigutdanna og søkjer jobb! Eg trur ikkje det er så lett å få fast jobb med ein gong, men er ein interessert i å jobbe på Stord sjukehus, så får ein som regel sjansen til det på eitt eller anna vis. Og så er det berre å søkje på alle faste jobbar som dukkar opp, er rådet frå Ingrid Grønås Fylkesnes.

Sist oppdatert 18.02.2022