Barnediabetes-teamet:
Mottok internasjonal pris
Helse Fonna er heilt i toppen nasjonalt med å betre behandlinga for barn og unge med diabetes – no er vi det også internasjonalt. Teamet vårt gjekk heilt til topps på konferansen til SWEET- prosjektet.
Heiko Bratke, som er overlege ved barneavdelinga, deltok på den årlege konferansen til verdas internasjonale barnediabetes register (SWEET). Han vendte tilbake med ei internasjonal utmerking på vegner av avdelinga og som leiar av diabetes-teamet ved Haugesund sjukehus.
Best Improvement Prize Award 2022
Tidlegare i år sendte barnediabetes-teamet inn ein søknad for å delta i konkurransen og måtte oppfylle særskilte kriterium som kandidat for prisen. Å vise til «improvement» eller «betring» i behandlingsprogrammet for barn og ungdom med diabetes er heilt grunnleggande for å delta her. No har barneavdelinga i Haugesund vunne den internasjonale prisen.
Barneavdelinga i Haugesund har sidan mai 2019 gjort ein stor innsats for å betre helsa til unge med diabetes type 1. Resultatet av dette er at delen av barn med HbA1c under 7,5 % (58 mmol/mol) har gradvis auka frå 70 % i 2019 til 85,1 % i august 2022.
* Tala ovanfor er eit utdrag frå barneavdelinga sin søknad til «Best Improvement Prize Award 2022».
I
løpet av dei siste åra har Barnediabetes-teamet i Haugesund blitt ei stabil og
tverrfagleg arbeidsgruppe med merkbart auka kompetanse. Dette er i tråd med SWEET-
prosjektet og prinsippa om kontinuerleg kvalitetsforbetring.
Vart heidra: Barnediabetes-teamet ved Haugesund sjukehus. Bak frå venstre: Helge Fredrik Lekven-Johnsen (sjukepleiar), Linda Rushanovski (sjukepleiar) og Inghild Hovland (sjukepleiar). Framme frå venstre: Grete Vigemyr (barnelege), Sverre Sigurd Johansen Lamens (barnelege) og Heiko Bratke (barnelege). Foto: Elisabeth Økland
Eit målretta team
– Vi er eit samkjørt og målretta team som alltid jobbar for å betre arbeidsrutinane våre, og vi har lært kvarandre å kjenne som kollegaer – slik at vi saman kan få ting gjort til det beste for pasientane, seier Heiko Bratke.
Dette er absolutt ein fordel i arbeidskvardagen, og han påpeikar vidare at kollegaene på teamet er frie til å diskutere behandlinga breidt seg imellom. Vi har brukt mykje tid på at teamsamarbeidet skal fungere, noko som bidrar til at vi har moglegheit til å gi pasientane så gode resultat av behandlinga.
Både legar og sjukepleiarar utgjer ei viktig rolle i teamet, og i eit mindre team som hos oss har ein også fordelen av å raskt «sjå resultat». I ei større avdeling kan prosessen ta lengre tid, påpeikar overlegen.
Meir kvalitet
I
år blei konferansen for barnediabetes (ISPAD)
arrangert i Abu Dhabi. SWEET er ein arena med eit internasjonalt fagmiljø og
nettverk som bidrar til utvikling i behandlinga av diabetes.
Helse Fonna er den einaste norske barneavdelinga som er medlem i SWEET- nettverket. Tildelinga av medlemskapet i 2017 blei grunna med at HbA1c-resultata våre er på 5.plass av alle diabetesavdelingar i verda. I 2021 mottok også barnediabetes-teamet vårt Kvalitetsprisen i Helse Vest.
Meir om SWEET-prosjektet
SWEET vart starta i 2008 som eit prosjekt finansiert av EUs folkehelseprogram. Det har sidan utvikla seg til eit uavhengig nettverk som består av sertifiserte diabetessenter og veks seg større på tvers av kultur- og landegrenser. Grunnsteinen i SWEET- nettverket er eit felles mål om å styrke/ betre kvaliteten og redusere skilnader i behandlingstilbodet til barn og unge med diabetes. Det inneber vidare kriterium for sertifisering, internasjonale retningslinjer og kvalitetskontroll for deltakarane i programmet.