Ny administrerande direktør:

Her er søkjarlista

Søkjarlista til stillinga som administrerande direktør i Helse Fonna er no klar.

Publisert 07.11.2022
Sist oppdatert 13.09.2024

Det er motteke 13 søknadar. Tilsetjingsutvalet ser frem til ein viktig og god tilsetjingsprosess.

- Vi er godt nøgde med interessa for stillinga. Det viser at Helse Fonna har ein viktig posisjon på Vestlandet.  Tilsetjingsutvalet i Helse Fonna startar no dialogen med aktuelle kandidatar til stillinga, seier styreleiar Petter Steen jr.

Her er søkj​​arlista​

  • Ivar Vatten (58), arbeidssøkjar, Halsa
  • Jovana Antic (37), tannlege, Haugesund
  • Heine Hagenberg (45), seniorrådgjevar, Kolnes
  • Trekt søknad
  • Panchalaulasingam Kandiah (53), assisterande fagdirektør, Sandnes
  • John Conrad Brandsø (47), klinikkdirektør, Haugesund
  • Toril Eide Kongsrud (47), sjef kirurgisk avdeling, Tertnes
  • Mann, unntatt offentlegheit
  • Trekt søknad
  • Trekt søknad
  • Trekt søknad
  • John Eivind Bless (31), driftsingeniør, Avaldsnes
  • Mann, unntatt offentlegheit

​Det var rett før ferien at administrerande direktør Olav Klausen melde frå til styret om at han ville slutte i stillinga som øvste leiar i føretaket. Klausen har vore administrerande direktør sidan 2011.

Tilsetjingsutvalet består av Petter Steen jr., Brian Bjordal, Nina Budal og Anne Sissel Faugstad.

Kontaktperson for media: Styreleiar Petter Steen jr., tlf 900 19 539​​