Mange vil bli klinikkdirektør
11 søkjarar til stilling som Klinikkdirektør medisinske tenester og beredskap.
Det melde seg 11 søkjarar til stillinga som Klinikkdirektør for medisinske tenester og beredskap då fristen gjekk ut 6. november. Fire av kandidatane har trekt søknaden, og éin søkjar har fått innvilga unntatt offentlegheit.
Sverre Kolbeinsen Lien sa tidlegare i haust opp stillinga han har hatt i snart fem år, og han går over i annan jobb på nyåret.
Sluttar: Sverre Kolbeinsen Lien sluttar som klinikkdirektør etter snart fem år i stillinga, og prosessen med å finne hans etterfølgjar er godt i gang. Foto: Stina Steingildra
Administrerande direktør Olav Klausen er godt nøgd med søkjarlista, og tek sikte på å avslutte tilsetjingsprosessen i løpet av neste veke.
– Eg vil takke Sverre for den svært store innsatsen han har gjort i denne jobben, ikkje minst med beredskapsarbeidet gjennom pandemien. Det er også svært mange gode, både eksterne og interne søkjarar til stillinga, noko eg er glad for. Sverre blir i stillinga til midt i januar og vi satsar på å ha på plass ein etterfølgjar når han sluttar, uttalar Klausen.
I klinikk for medisinske tenester og beredskap er det om lag 415 årsverk, pluss vikarar, og eit årsbudsjett på rundt 56o millionar kroner. Mellom anna er ambulansetenesta, det radiologiske/røntgentilbodet og laboratoria organisert i denne klinikken.
Søkjarlista:
Hamre, Anne Marion (54), operations administrator, Katy, Texas, USA
Daliri, Ahmad Shoeyb (28), fastlege og legevaktslege, Lindesnes
Kyvik, Ingvill Hystad (47), avdelingsleiar, Stord
Kandidaten har trekt seg
Kandidaten har trekt seg
Moen, Svein Oddvar (43), avdelingsleder, Haugesund
Unntatt offentlegheit
Kandidaten har trekt seg
Kandidaten har trekt seg
Grov, Bjarte (54), ansvarlig leiar/direktør, Stavanger
Huseby, Elisabeth (56), regional leder Pasientsikkerhet og
kontinuerlig forbedring, Haugesund