Haugesund sjukehus

Startar tarmscreening av 55-åringar

No er det nasjonale screeningsprogrammet for tarmkreft i gang hos oss i Helse Fonna. Det har som mål å oppdage kreft tidleg – og no får alle 55-åringar tilbod om å delta.

Publisert 14.11.2022
Sist oppdatert 06.09.2024
jeanette-pedersen-foto-eirik-dankel.jpgStartar tarmscreening: Jeanett Pedersen, funksjonsleiar gastromedisin ved Haugesund sjukehus. Foto: Eirik Dankel

– Tarmscreening kan redde liv, og vi er utruleg glade for at dette programmet no innførast slik at vi kan oppdage kreft på eit tidleg tidspunkt. Dette er eit lågterskel tilbod, og det skal vere enkelt for alle 55-åringar å delta, seier funksjonsleiar gastromedisin, Jeanett Pedersen.

Kvalitet i fokus. Kreftregisteret har ansvar for å drifte det nye screeningsprogrammet og samarbeider tett med Helse Vest for å sikre eit best mogleg tilbod til deltagarane. ​

Blir gradvis innført​​​

I programmet for tarmscreening vil 55-åringar motta ​tilbod om å delta kvart andre år fram til dei fyller 65 år. Dei første som blir invitert til å delta, er personar som er født i 1967, og no er invitasjonane sendt ut til nokre kvinner og menn i denne gruppa. Tilbodet skal gradvis bli sendt ut til alle i Helse Fonna det året dei fyller 55.

Saman med Helse Førde går startskuddet for Tarmscreeningprogrammet hos oss i dag, 14.november.

– I samarbeid med Kreftregisteret og Helse Vest så er det gjort ei naudsynt prioritering av noe redusert oppstart i Helse Fonna samtidig som vi rekrutterer ressursar til avdelinga vår. Det vil bli ei gradvis innføring  i tråd med dei nasjonale retningslinjene, fortel funksjonsleiaren.

kristin Randel.jpg

Kristin Ranheim Randal Foto: Kreftregisteret

For det nasjonale screeningprogrammet var det ei offisiell opning ved Akershus Universitetssjukehus i august, og i løpet av det neste året skal det innførast tarmscreening hos lokale sjukehus i heile landet.

–Med dette screeningprogrammet er målet å oppdage tarmkreft tidleg. På den måten kan fleire overleve sjukdommen og behovet for omfattande behandling blir mindre, seier leiar for Tarmscreeningseksjonen i Kreftregisteret, Kristin Ranheim Randal. 

Tar testprøva sjølv

Metoden som blir brukt i Noreg når screeningsprogrammet startar, er ein test av blod i avføringa. 55-åringane får først tilsendt informasjon om tilbodet frå Kreftregisteret via HelseNorge.no. Deretter får pasienten tilsendt eit prøvesett i posten. Dette skjer berre viss ein takkar ja til å delta, noko som er heilt frivillig. Testen tar dei heime sjølve og sender inn til analyse. Analyse av prøva vil bli gjort ved Akershus Universitetssjukehus.​

Prøvekit.jpg

Her kan du sjå bilete av eit prøvesett som blir sendt til deltagarane Foto: Akershus Universitetssjukehus

Koloskopi blir gjennomført lokalt 

Dersom laboratoriet finn blod i prøva, blir personen innkalla til ei koloskopiundersøking ved det lokale sjukehuset sitt. For deltakarane i Helse Fonna vil koloskopi bli gjennomført på sjukehuset i Haugesund – ved poliklinikk for gastromedisin.

– I ei gruppe på 1000 screeningsdeltakarar som leverer ei avføringsprøve, blir det forventa at 65 vil få påvist blod og bli innkalla til koloskopi, påpeikar Pedersen og viser til tal frå Kreftregisteret. ​

Skjermbilde _ screening.PNG

Tabellen viser tal frå Tarmscreeningprogrammet. Foto: Kreftregisteret

​Meir informasjon

Kreftregisteret har utarbeidd god informasjon om Tarmscreeningprogrammet både til helsepersonell og til befolkninga. Informasjonen finn du på nettsida til Kreftregisteret​.

Tarmscreening (kreftregisteret.no)​