Blir ny HR-direktør
Kristin Marie Dahle har takka ja til stillinga som HR-direktør i Helse Fonna.
Publisert 05.07.2023
Sist oppdatert 13.09.2024
Kristin Marie Dahle, som kjem frå jobben som Kommunalsjef for personal og organisasjon i Vindafjord kommune, byrjar i stillinga i oktober. Ho erstattar Helga Stautland Onarheim som går av med pensjon i haust, etter 20 år som HR-direktør.
Dahle kjem frå Karmøy og er busett i Tysvær. Ho er gift og har to barn. No gler ho seg til nye utfordringar etter 12 år i Vindafjord kommune.
Takka ja: Kristin Marie Dahle (40) sluttar i Vindafjord kommune etter 12 år, og blir ny HR-direktør i Helse Fonna.
– Eg er først og fremst glad for at eg fekk tilbod om jobben. Dette følest givande og spennande, og eg ser fram til å bli betre kjend med alle dei over 4.000 medarbeidarane fordelt på ulike lokasjonar i Helse Fonna. Samstundes går eg til jobben med ei viss ærefrykt. Det er ein stor organisasjon som er svært viktig for mange innbyggjarar, men det er også mange krevjande oppgåver som står føre oss i åra som kjem. Det blir nok av utfordringar, men dei skal vi klare å løyse, seier Dahle.
Administrerande direktør Anders Hovland er svært nøgd med tilsetjinga.
– Vi hadde mange gode søkjarar til denne stillinga, og er glade for at Kristin no har takka ja til denne rolla. Helse Fonna har allereie eit solid fagmiljø innanfor HR. Med Kristin som ny HR-direktør har vi eit godt utgangspunkt for å uitvikle dette viktige området vidare, seier Hovland.