Framleis gul beredskap
Høgt sjukefråvær og press på intensivkapasiteten gjer at Helse Fonna held fram med gul beredskap.
Det har beredskapsleiinga bestemt torsdag. Ny vurdering av beredskapsnivået blir teke over helga.
– Presset på sengepostane er mindre, men det er framleis høgt sjukefråvær blant våre medarbeidarar, og det er press på intensivkapasiteten. Situasjonen er framleis utfordrande, og vi held difor fram med gul beredskap, seier administrerande direktør i Helse Fonna, Olav Klausen.
Det er framleis mange pasientar innlagt, men overbelegget er lågare enn det har vore dei siste vekene. Talet på utskrivingsklare pasientar har også gått ned. Torsdag morgon var det ti utskrivingsklare pasientar, fordelt på alle dei tre somatiske sjukehusa.
– God og tett dialog med kommunane har hjelpt, og dei har teke imot mange utskrivingsklare pasientar. Vi håpar no å komme i gang att meir fleire operasjonar og planlagt aktivitet, seier Klausen.
Han er også full av lovord om medarbeidarane, som har er fleksible for å hjelpe dei avdelingane med størst trykk. Det er også mange som har stilt opp og jobba overtid og teke ekstravakter.
Har du tenkt deg på besøk til ein pasient?
Då ber vi om at du les dette: Besøkstider - Helse Fonna (helse-fonna.no)