Kan bli årets helseleiar

To av 12 nominerte kandidatar er frå Helse Fonna.

Publisert 24.01.2023
Sist oppdatert 13.09.2024

Avtroppande administrerande direktør Olav Klausen og avdelingsleiar Nina A. Hauge står på lista over dei 12 kandidatane frå helse-Noreg som kan vinne den prestisjetunge «Helselederprisen 2023».

 

NinaHauge-nett.jpg

Nominert: Nina Anette Hauge.

 

Det er Norsk sjukehus- og helsetjenesteforening (NSH) som står bak prisen, som blir delt ut av helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol på den årlege helseleiarkonferansen i Oslo i starten av februar.

I statuttane til prisen står det mellom anna at den kan gjevast til ein leiar som med sin kultur/filosofi har hatt positiv innverknad på arbeidsmiljøet, at vedkomande legg ned ein stor innsats med sikte på effektiv ressursbruk av kvalitet på tenestene, og at vedkomande utøver leiarskap med tverrfagleg fokus.

 

Olav Klausen-breidde.jpg

Nominert: Olav Klausen.


I fjor fekk FHI-direktør Camilla Stoltenberg prisen, og i 2021 gjekk prisen til «Alle helseledere i hele Norge for sin innsats under covid-19-pandemien». Tidlegare viseadm. direktør i Helse Bergen, Anne Sissel Faugstad, fekk prisen i 2017. Ho er mangeårig styremedlem i Helse Fonna HF.

Olav Klausen varsla styret i fjor sommar at han ynskjer å fråtre stillinga som administrerande direktør i føretaket, ei stilling han har hatt i 12 år. Klausen sluttar i løpet av våren, og Anders Hovland tek då over stillinga som toppsjef.

Nina Anette Hauge er avdelingsleiar i avdeling for eldremedisin. Ho har hatt mange ulike leiarstillingar ved Haugesund sjukehus gjennom ei årrekkje, og i fjor gjennomførte ho Nasjonalt topplederprogram. Dette er ei årleg utdanning, og eit samarbeid mellom dei regionale helseføretaka, KS og BI.

 

Dei nominerte til årets helseleiarpris er:

Nina Anette Hauge, Helse Fonna

Olav Klausen, Helse Fonna

Eivind Hansen, Haukeland universitetssykehus

Gunnhild Grimstad-Kirkebye, Ullensaker kommune

Ingrid Stenstadvold Ross, Kreftforeningen

Kirsti Juvik, Oslo universitetssykehus

Marit Rapp, Oslo universitetssykehus

Ida Lise Salberg, Orkdal sjukehus

Nina Føreland, Sørlandet sjukehus

Trude Lønning, Sandnes kommune

Øyvind Bakke, Helse Møre og Romsdal

Trine Olsen, Bærum sykehus


OPPDATERING: Måndag 30. januar vart det gjort kjend at prisen går til adm. dir. Øyvind Bakke i Helse Møre og Romsdal.