Sparetiltaka verkar

Helse Fonna enda med over 150 millionar kroner i underskot i 2022. Og styringsfarten er framleis altfor høg. Men utviklinga er på rett veg.

Publisert 18.04.2023
Sist oppdatert 13.09.2024

Det var tøffe tal den ferske direktøren i Helse Fonna, Anders Hovland, måtte gjere greie for i sitt første møte med styret i føretaket. Helse Fonna si årsmelding er ikkje særleg lysteleg lesnad, og hovudårsaka til det store underskotet er pandemien. For pandemien var ikkje over i 2022 heller, og dette fører til store driftsutfordringar. 

styremøte-anders.jpg

Tøffe tal: Den nye Helse Fonna-direktøren Anders Hovland og hans stab har ein stor jobb å gjere med å snu den økonomiske utviklinga i helseføretaket. Foto: Eirik Dankel


– Året 2022 blei også prega av koronapandemien og føretaket har hatt beredskap grunna dette i delar av året. Føretaket har hatt stort fokus på smitteverntiltak og har i periodar endra drifta monaleg som følgje av pandemi, mellom anna redusert planlagt behandling som til dømes operasjonar og poliklinikk. Det har vore godt samarbeid med kommunane, men nokre kommunar har hatt utfordringar med å ta heim utskrivingsklare pasientar. Dette har i periodar ført til høgt tal på ferdigbehandla pasientar og korridorpasientar. God innsats frå medarbeidarar, tillitsvalte, vernetenesta og leiarar har medverka til at føretaket i hovudsak har handtert situasjonen godt, heiter det i årsmeldinga.  

Her kjem det fram at det i fjor var om lag 26.000 døgnopphald ved sjukehusa i føretaket og det blei gjennomført om lag 250.000 besøk ved poliklinikkane. Talet på fødslar gjekk monaleg ned.  
 

Høgt sjukefråvær ​

I 2022 var gjennomsnittleg ventetid for alle pasientar som hadde starta behandling 67 dagar innan somatikk, 56 dagar innan psykisk helsevern for vaksne, 58 dagar innan psykisk helsevern for barn og unge og 30 dagar innan rus. Der helsehjelpa har starta i perioden, har det i Helse Fonna HF vore 13,7 prosent fristbrot innan somatikk, 4,4 prosent innan psykisk helsevern for vaksne, 2,7 prosent innan psykisk helsevern for barn og unge og 12,6 prosent innan rus. Dei fleste kreftpasientar som blir behandla i føretaket blir inkludert i pakkeforløp. I sum blei pakkeforløpa gjennomført innanfor målet. 

– I psykisk helsevern er satsinga på dei distriktspsykiatriske sentra og barne- og ungdomspsykiatrien vidareført. Hovudfokuset innan psykisk helsevern har vore å sikre ei optimal ressursutnytting med frigjering av ressursar frå døgnbehandling til poliklinisk og ambulant behandling, samt å redusere bruken av tvang. Sidan slutten av 2020 har det vore ein auke i talet på tilvisingar innan barne- og ungdomspsykiatrien. Føretaket har høg merksemd på dette og har sett inn fleire tiltak, står det å lese i årsmeldinga. 

Forsking er ei lovpålagt oppgåve for sjukehusa og forskarar i Helse Fonna publiserte 69 vitskaplege artiklar i 2022.  Denne satsinga vil halde fram.

Det blir kontinuerleg arbeidd med å betre arbeidsmiljøet og å redusere sjukefråværet. Sjukefråværet har vore høgare enn vanleg i 2022. Gjennomsnittleg sjukefråvær i 2022 var 8,4 prosent. Sjølv om talet er høgt, så er det berre eitt av fire helseføretak i Helse Vest som har betre tal å vise til. 

Samhandling, rekruttering, kvalitet og pasienttryggleik var andre tema som vart omtalt på styremøtet. 

Helse Fonna hadde eit driftsunderskot på  minus 133,3 millionar kroner av ei total omsetning på 4,25 milliardar kroner. Resultat etter finans viser eit underskot på 151,3 millionar kroner, noko som er 131,3 millionar kroner lågare enn resultatkravet frå eigar. 

– Det er ein samanheng mellom økonomi og kvalitet, og ein kan ikkje berre kutta og kutta, men her må vi finne den rette balansen, oppsummerer styreleiar Petter Steen jr. 
Årsrekneskapen og årsmeldinga vart samrøystes vedtekne. 
 

Litt betring ​​

Det økonomiske resultatet for februar var om lag 18 millionar kroner under budsjett. Så langt i år er resultatet 40 millionar kroner under budsjett.  

952 pasientar på ventelistene har ikkje fått time innan fristen som er sett. Det er så godt som ingen fristbrot innanfor psykisk helsevern. Innanfor somatikken var det i februar 66 pasientar som var melde utskrivingsklare medan dei venta på helse- og omsorgstenester frå kommunen. Pasientane låg til saman 214 døgn. Innanfor psykisk helsevern var det i februar 3 utskrivingsklare pasientar som venta på kommunalt tilbod, totalt 15 liggjedøgn. 2,4 prosent av sengedøgna i somatikken var i snitt på korridor i månaden. Sjukefråværet var 8,7 prosent.  

– Ventetida innan psykisk helsevern for barn og unge har gått noko opp, i somatikken er ventetida redusert monaleg frå hausten 2022. Det er ingen fristbrot innan BUP-feltet. Det økonomiske avviket har betra seg noko frå i fjor og frå januar 2023, men styringsfarten er framleis altfor høg. Det er i mars arbeidd med fleire økonomiske tiltak som vil bli drøfta og handsama i organisasjonen og lagt fram for styret i føretaket i mai, saman med økonomisk langtidsplan, heiter det i administrerande direktør si oppsummering av drifta frå februar. 

Den økonomiske realiteten vart naturleg nok mykje diskutert, og kort oppsummert så er det tre hovudområde som gjer at ein ikkje får drifta til å gå rundt: Mykje overtid, stor grad av innleige og dyre medisinutgifter. 

Styreleiaren har tru på at ein er på rett veg. 
– Det er openbart at leiinga har rett fokus, og når ein ser på januartala i år mot i fjor, så ser ein at vi er på rett veg. Eg har trur på at vi skal klare dette. Og dersom vi må påta oss nokre “pukkelutgifter”, for å tilsetje fleire fast tilsette i staden for innleige, så kan det vere ei god investering. Ei anna stor utfordring er den store graden av gjestepasientar. Altfor mange pasientar blir sende ut av Helse Fonna-regionen, og det må vi gjere noko med, seier Steen. Jr. 
 

Ny i styret 

Dette var første styremøte for Morten Lyngås Føyen, som er operasjonssjukepleiar på Stord sjukehus. Han er nyvald styrerepresentant blant dei tilsette. Dei tre andre tilsettrepresentantane er attvalde, og det er Nina Budal (Norsk sjukepleiarforbund), Laura Lill Haavik (Fagforbundet) og Heiko Bratke (Den norske legeforening). 

Styremøtet vart avslutta med felles styreseminar saman med styret i Helse Vest RHF. Blant sakene som vart orientert om var Barn og unges helseteneste, Helsefellesskapet Barn og unge, og det var omvising på akuttmottaket på Haugesund sjukehus. 

Neste styremøte, der administrasjonen har fått i oppgåve å leggje fram sparetiltak, er torsdag 25. mai. 

styremøte-morten.jpg

Nyvald styremedlem: Morten Lyngås Føyen. Her i samtale med styreleiar Petter Steen jr. Til venstre sit mangeårig styremedlem Laura Lill Haavik. Foto: Eirik Dankel
styremøte-akuttmottak1.jpeg

Akuttmottak: Avdelingsleiar Annelin Steinsnes viser rundt. Frå venstre styremedlem Gunnar Berge og styreleiar Agnes Landstad i Helse Vest RHF, og adm. dir. Inger Cathrine Bryne i Helse Vest RHF. Foto: Magne Kydland

styremøte-akuttmottak2.jpeg