Har disputert for doktorgrad

Anna Gjerde og Flavia Paunas har i løpet av juni disputert for ph.d-grad ved Universitetet i Bergen.

Publisert 22.06.2022
Sist oppdatert 01.03.2024

Låg fødselsvekt gir auka risiko for nyresjukdom i vaksen alder.

Anna Gjerde - foto Eirik Dankel_1.jpg

Dette er konklusjonen i Anna Gjerde (biletet) si avhandling «Low birth weight, intrauterine growth restriction and risk of chronic kidney disease in adult age», som ho disputerte for ved Universitetet i Bergen 16. juni.

Les også: Derfor bør du vite kor stor du var då du blei fødd​

Det er tidlegare vist at personar med låg fødselsvekt har høgare blodtrykk i ung, vaksen alder, og at personar med låg fødselsvekt har auka risiko for å utvikle alvorleg nyresvikt før 40-årsalder. I Anna Gjerde sitt prosjekt har ein kopla data frå ulike register og undersøkt risiko for nyresjukdom hos over 2,6 millionar nordmenn fødde etter 1967. Hovudfunnet er at risikoen for nyresjukdom aukar med cirka 70 prosent for personar med låg fødselsvekt, dvs. under 2,9 kilo. Studiet bidreg også til å identifisere risikopasientar som kan ha nytte av god oppfølging frå eit tidleg tidspunkt i livet for å unngå konsekvensar av høgt blodtrykk og førebyggje utvikling av kronisk nyresjukdom.

Klinikkoverlege og professor Bjørn Egil Vikse har vore Anna Gjerde sin hovudrettleiar.

 

Vil førebyggje alvorleg nyr​esvikt

Vikse har og vore rettleiar for Flavia Paunas, som den 3. juni disputerte for ph.d-graden med avhandlinga «Glomerular and tubular proteome markers of progressive IgA nephropathy».

vikse-paunas.jpg
 

Travel månad: Avtroppande klinikkoverlege Bjørn Egil Vikse i medisinsk klinikk har vore hovudrettleiar både for Flavia Paunas (biletet) og Anna Gjerde. Foto: Stina Steingildra

 

Kronisk nyresjukdom råkar nærare 10 prosent av innbyggjarane og det er behov for meir kunnskap for best mogleg å kunne førebyggje progresjon til alvorleg nyresvikt. Då treng ein meir kunnskap om biomarkørar for progresjon av nyresjukdom, og om dei underliggjande årsaksmekanismane.

IgA glomerulonefritt (IgAN) er den vanlegaste typen glomerulonefritt i verda, og den debuterer oftast tidleg i livet, og fører til kronisk nyresvikt. Målet med avhandlinga var å analysere proteinsamansetninga i ulike deler av nyrevevet for å analysere mekanismar og markørar for progresjon av nyresvikt ved IgAN.

Gjennom dette arbeidet har ein fått meir forståing om dette og ein har påvist fleire protein som var assosiert med dårlegare prognose, som Periostin og komplement-relaterte protein. Denne kunnskapen kan brukast til å utvikle betre metodar for å bestemme prognose ved IgAN. Det er og mogeleg at denne kunnskapen kan bidra til meir målretta behandla av IgAN om nokre år.

Helse Fonna gratulerer Anna Gjerde og Flavia Paunas med vel gjennomført forsking og ferske doktorgrader!​

Vil du lese meir om forsking i Helse Fonna? Då kan du klikke deg inn her.