Helse Fonna er ute av beredskap
I dag, tysdag 5. april, går sjukehusa på Vestlandet og Helse Vest RHF ut av beredskap knytt til covid-19-pandemien.
Alle dei fire helseføretaka i regionen, Helse Fonna, Helse Førde, Helse Stavanger og Helse Bergen - i tillegg til Haraldsplass Diakonale Sykehus, Sjukehusapoteka Vest og det regionale helseføretaket, er ikkje lenger i beredskap.
– Det er godt at vi no kan ta ned dei ekstraordinære strukturane for beredskap knytt til pandemien. Det har vore lange periodar som har kravd ekstra innsats av medarbeidarar og leiarar i sjukehusa. Den innsatsen som medarbeidarane har lagt ned under pandemien, og framleis gjer, er heilt avgjerande, seier administrerande direktør i Helse Vest RHF, Inger Cathrine Bryne (biletet).
Det var i juni 2021 at Helse Fonna og dei andre føretaka gjekk heilt ut av beredskap sist, etter å ha vore i beredskap frå 12. mars 2020. I november 2021 gjekk ein inn i grøn beredskap igjen, då fleire pasientar med covid-19 vart lagde inn på sjukehusa på same tid som mange born fekk RS-virus. Frå slutten av november til slutten av januar var det gul beredskap.
Sjølv om drifta i sjukehusa no kan nærme seg normal, vil krigen i Ukraina, framleis opptrapping av planlagd aktivitet etter pandemien og auka ventetider påverke ordinær drift.
– Vi vil sjølvsagt følgje utviklinga nøye. Viss vi ser at det er behov for å gå inn i beredskap igjen, så vil vi ha låg terskel for det, avsluttar Bryne.
Dette betyr dei ulike nivåa
- Grøn beredskap er det lågaste nivået. Det betyr at det er ein uavklart situasjon, der det kan bli behov for ekstraordinære ressursar og tiltak. Situasjonen krev auka merksemd. Det vil blant anna seie at Helse Vest tek opp att dei regionale beredskapsmøta ein gong i veka.
- Gul beredskap vil seie at ei uønskt hending med avgrensa omfang har skjedd. Situasjonen må handterast med utvida innsats eller ekstraordinære ressursar og tiltak.
- Når ein set raud beredskap, har ei alvorleg uønskt hending skjedd. Det er eit stort behov for ekstraordinære ressursar og tiltak.
Ut av beredskap: Frå og med tysdag 5. april 2022 er ikkje lenger Helse Fonna og dei andre føretaka i regionen i beredskap. Foto: Eirik Dankel