Ho blir ny HR-direktør

Siren Eldøy Hinderaker har takka ja til stillinga som HR-direktør.

Magne Kydland
Publisert 21.06.2024
En kvinne med blondt hår
Siren Eldøy Hinderaker kjem frå jobben som personal og organisasjonssjef i Stord kommune, og ho byrjar som HR-direktør i Helse Fonna den 1. oktober.

Siren Eldøy Hinderaker blir ny HR-direktør i Helse Fonna. Ho overtek jobben etter Kristin Marie Dahle, som sluttar no i sommar for å bli HR-sjef i Tysvær kommune.

Hinderaker kjem frå Stord, er utdanna sosionom, og så har ho teke fleire leiarutdanningar ved sida av jobben opp gjennom åra. 53-åringen har arbeidserfaring frå kommunal sektor i 14 år, blant anna som NAV-leiar, deretter nesten 10 år i privat arbeidsliv, som HR-manager, og sidan august 2021 har ho vore personal- og organisasjonssjef i Stord kommune.

Ho byrjar i si nye stilling 1. oktober.

– Eg set stor pris på å få jobben og for meg vert det spannande å ta fatt. Helse Fonna er ein stor organisasjon med mykje kompetanse, og eg ser fram til å bli ein del av teamet. Det vil bli nye oppgåver og utfordringar, og eg håpar og trur at erfaringa og kompetansen min vil vera til god nytte. Eg skal gjera mitt beste og er motivert og klar, seier Hinderaker.

Administrerande direktør Anders Hovland er godt nøgd med interessa og søkjarane til stillinga.

– Det har vore ein god prosess, med fleire aktuelle kandidatar. Vi er glade for at Siren no har takka ja til denne rolla. Helse Fonna har allereie eit sterkt fagmiljø innanfor HR. Siren har med seg solid erfaring til arbeidet med å leie og utvikle dette viktige området i føretaket vidare, saman med resten av avdelinga, seier Hovland.