Styrkjer ØNH-tilbodet i Sunnhordland
Helse Fonna aukar kapasiteten innan øyre-nase-hals – til beste for pasientar i heile regionen.
Ved å auke aktiviteten og ta i bruk lokale på Stord sjukehus skal endå fleire få gode, men også raskare tilbod i framtida.
Øyre-nase-halsavdelinga (ØNH) har i dag i hovudsak operasjonar og poliklinisk tilbod i Haugesund, men har gjennom mange år også hatt operasjonar på Stord sjukehus. No planlegg avdelinga å auke tilbodet på Stord med poliklinikk og endå fleire operasjonar. Dette vil gagne ØNH-pasientar busett i Sunnhordland, og det vil også hjelpe til å få ned ventelistene totalt i føretaket.
Eit godt tilbod, uansett kvar du bur
– Vi ser no på korleis vi skal auke talet på operasjonar og poliklinikk, ved å nytte kapasiteten på Stord sjukehus best mogeleg, seier avdelingsleiar Aina Vikshåland.
Ny på laget er Kenneth Wilfried Kross. Han er frå Nederland, men bur på Stord og er gift med ein stordabu.
– Vi har stort fokus på å redusere ventetida for ØNH-pasientar og også gje eit tilbod i nærleiken av der dei bur. Difor er det positivt at Kenneth er heimehøyrande på Stord, slik at han kan jobbe både der og i Haugesund, forklarar avdelingsleiaren.
For Kross er ein ting viktig:
– Eg vil at du skal få eit bra tilbod uansett kvar du bur. Saman skal vi byggje ut tilbodet ved øyre-nase-hals. Det er positivt for alle, uansett kvar du bor i regionen.
Skryt av norsk helsevesen
Kross er altså siste tilskotet i avdelinga som tel tretti, fordelt på legar, sjukepleiarar, teknikarar, sekretærar og audiografar. Han starta 1. oktober.
– Det er eit godt helsevesen i Noreg. Dessutan kjenner eg den norske jobbemåten. Det er ein fin måte å jobbe på.
– Og så er det fleire som jobbar her, seier Vikshåland, og referer til åra der Kross hadde eigen praksis, heilt åleine.
– Ja, det er godt med kollegaer igjen. Det har eg sakna.
At han kjenner det norske helsevesenet frå før har nederlendaren med den imponerande CV-en ei god forklaring på.
– Eg tok øyre-nase-halsspesialiseringa og doktorgrada mi i Bergen.
Så starta ei spennande karriere.
– Etter det blei det ti år ved universitetssjukehus i Maastricht der eg blant anna jobba med kreft i hovud- og halsregionen, og var leiar for same avdelinga. Den dekte området søraust i Nederland med 1,7 millionar innbyggarar, fortel Kross.
Så stod Frankrike for tur der Kross dreiv sin eigen praksis i åtte år, men i juni bestemte han og ektefellen seg for å flytte til Noreg og Stord. Og Helse Fonna.
Ingen grunn til bekymring
Det har den siste tida vore uro blant innbyggjarar og i det politiske miljøet i Sunnhordland knytt til at Helse Vest ikkje ønskjer å vidareføre avtalen med ein privatpraktiserande øyre-nase-halsspesialist. Mange har frykta at tilbodet til ØNH-pasientar i regionen då blir dårlegare, og at det vil føre til meir reisetid for behandling i Haugesund.
Klinikkdirektør ved kirurgisk klinikk i Haugesund, Kjersti Tollaksen, som er øvste ansvarleg for ØNH-avdelinga, meiner grepet som no blir gjort vil gjere tilbodet i Sunnhordland endå betre enn det har vore.
– Det er to avtalespesialistar innanfor øyre-nase-hals på Stord, og det er den eine heimelen Helse Fonna no overtek når han pensjonerer neste år. Ved desse grepa vil pasientane i Sunnhordland få eit trygt og minste like godt tilbod som dei har hatt, og dei skal sleppe å måtte reise til Haugesund for å få behandling, seier Tollaksen.