Slik er kvardagen på MIO

Bli med inn på denne spesialavdelinga som tek imot nokre av dei sjukaste pasientane i Helse Fonna. No treng dei fleire folk for å utvide kapasiteten.

Eva Birkeland
Publisert 08.07.2022
Sist oppdatert 01.03.2024

MIOGjeng på vaktrommet.jpg
 

På vaktrommet: Ståande f.v. Sunniva Auestad, Lene Stavland, Marianne Bringedal, Ingeborg Nistad, Malin Christensen og Anne Linn Horneland. Sitjande: Anne Marte Tjelle og Nina Ottesen Frimanslund (i grønt). Foto: Eirik Dankel


På eit isolat-rom står Anneline Dalen Viken klar til å ta imot to pasientar på ein gong. Den eine skal få Optiflow – ei form for high flow oksygen-behandling. Den andre treng CPAP – eit apparat som gir eit kontinuerlig luftvegs-overtrykk.

 Det er godt å kunne bidra når pasientane har eit auka hjelpebehov, seier Viken, fullt klar over at ho kjem til å tilbringe ein del timar i fullt smittevernutstyr.

 Likevel, det er utruleg givande når du ser at tiltaka som blir sett i verk har effekt.

 

MIO-Anneline 203 - 2.jpg

Nye pasientar: Anneline Dalen Viken står klar i døropninga. Foto: Eirik Dankel

MIO-Optiflow.jpg

Optiflow: MIO har fire slike til pasientar som treng pustehjelp. Foto: Eirik Dankel

 

Anneline er på veg til å bli intensivsjukepleiar, og jobben på MIO har gitt henne ein kickstart.

I «normale tider» består avdelinga av seks overvakingsplasser for akutt kritisk sjuke pasientar. Men i løpet av koronapandemien har avdelinga hatt utvida kapasitet for å behandle koronapasientar som treng hjelp til å puste.

Har du lyst til å jobbe med oss? Sjå ledige stillingar her:

Annonse - Webcruiter

Annonse - Webcruiter

Breitt spekter​

MIO står for «medisinsk intermediær overvaking». Her kjem pasientar med akutte tilstandar og behov for overvaking, slik som ved hjerteinfarkt, alvorlege hjerterytmeforstyrringar og uforklarlege besvimelsar. Også pasientar med andre akutte medisinske tilstandar kjem til MIO. Det kan vere grunna alvorlege infeksjonar, alvorleg akutt forverring av diabetes, elektrolyttforstyrringar, overdose og hjerneslag. Og ikkje minst pasientar med respirasjonssvikt som treng ekstra pustestøtte og eventuelt maskebehandling.

Mykje heng saman, og den eine tingen kan forårsake den andre.

 Ei elektrolyttforstyrring kan gi ei hjerterytmeforstyrring, seier sjukepleier Anne Jorunn Økland. Ho har jobba på MIO i over tretti år, og er ei av avdelinga si mest erfarne når det kjem til å tolke hjarterytme.

Innimellom vil det vere pasientar som treng meir langvarig behandling. Nokre kan vere tracheostomerte etter langvarig intensivopphald, og kanskje mellombels avhengig av heimerespirator. Slike pasientar blir gjerne verande på MIO ei tid med eit omfattande tverrfagleg behandlingsbehov.

 Her er det et breitt spekter innan medisinske tilstandar. Når du jobbar på MIO får du eit svært godt utgangspunkt til å lære veldig mykje, dersom du er villig til å utfordre deg sjølv i litt trygge rammer, fortel intensivsjukepleiar Anders Ask.

I fjor starta han på intensiv-avdelinga, der dei aller sjukaste pasientane ligg. Men denne dagen er han på ekstravakt på sin gamle arbeidsplass.

 Det er kjekt å jobbe her, og eit godt arbeidsmiljø, slår han fast. For dei som kjenner han, er han med sin humor og sine slagferdige kommentarar sjølv ein god bidragsytar til det nemnde arbeidsmiljøet.

For det er lov å ha det gøy på jobb, og låtten sit ofte laust inne på MIO.

MIO-Hjerteavdeling 2020 - foto Eirik Dankel_21.jpg

Godt team: Sjukepleiar Espen Hagen og funksjonsleiar Anna Flotve på sparkesykkel i korridoren. Espen har flytta til Bergen og jobbar no på liknande avdeling på Haukeland US. Flotve har jobba på avdelinga i over ti år, og har vore leiar sidan januar. Foto: Eirik Dankel


Scopvakt​

I hjarta av MIO, omkransa av overvakingsrom og med godt innsyn, ligg vaktrommet. Eit rom med mykje aktivitet, men også eit rom som samlar dei to avdelingane MIO og hjertepost. Sistnemnde er ei eiga avdeling med sitt eige vaktrom, men mange av medarbeidarane jobbar begge stader. Og ofte har pasientar på hjertepost på seg eit telemetri-apparat som overvakar hjerterytmen. Denne blir registrert på scop-sentralen inne på MIO-vaktrommet.

Scopvakten får inn på skjermen sin både hjerterytme og andre vitalia frå dei seks overvakingssengene på MIO, samt hjerterytmen til pasientar som har telemetri og ligg på andre avdelingar.

 Ved alvorlege arytmier eller veldig raske hjarterytmer, må vi kontakte lege eller rett avdeling umiddelbart, fortel Anne Jorunn Økland.

 

MIO-Anne Jorunn Økland 1.jpg

Viktig oppgåve: Anne Jorunn Økland er erfaren scopvakt. Du må tåle masse lyd, alarmer og telefoner for å klare denne oppgåva. Foto: Anne Linn Horneland

 

Scopvakten er også med i sjukehuset sitt stansteam, og går stansalarmen ein stad på huset, er det berre å hive seg rundt og ta med seg hjartestartaren.

Det er både sjukepleiarar og intensivsjukepleiarar, som alle har fått intern opplæring, som kan ha rolle som scopvakt.

 

Godt arbeidsmiljø

Med jamne mellomrom kjem også pasientar som blir melde som «Rød løype». Då dreier det seg om pågåande akutt hjerteinfarkt som ofte krev at pasienten må vidare til Haukeland US eller Stavanger US så raskt som mogeleg. Sjukepleiar på MIO blir då med saman med portør og ansvarlig lege opp til helikopterdekket på taket av Haugesund sjukehus.

 Det er spennande og inspirerande å jobbe på MIO, seier intensivsjukepleiar Lene Stavland, som gjennom mange år har vore ei av avdelinga sine mest trufaste og dedikerte medarbeidarar. I mai fekk Lene Stavland den gjeve utmerkinga som «Årets sjukepleier 2022» i Rogaland i regi av Norsk Sykepleierforbund.

 Hektisk, ja, og ein må takle ein stor turnover av pasientar på grunn av akuttfunksjonen vi har, men det er et fagleg innhaldsrikt og utviklande miljø. Og eit godt arbeidsmiljø, slår Stavland fast.

 

MIO-Lene med bipap.jpg

Avansert utstyr: Intensivsjukepleiar Lene Stavland inne hos pasient som treng bipap, eit apparat som gir tovegs pustestøtte. I forgrunnen ser ein deler av eit arteriekran-sett, som er tilkopla pasienten for kontinuerleg blodtrykksmåling og for å kunne hente ut blod til hyppige blodgassanalysar. Foto: Eirik Dankel

 

Lene er og ein del av pacemaker-teamet på MIO. Det er ikkje få pasientar som har fått innlagt pacemaker på operasjonsrom 211. Inngrepet krev enkelte førebuingar og oppfølging, og desse oppgåvene blir ivaretekne av tilsette på hjertepost eller MIO som har ansvaret for pasienten. Det same gjeld for el-konvertering, der pasienten kjem på MIO sitt mottaksrom og med lett narkose og eitt eller to støyt frå defibrillatoren kan få tilbake sin normale hjarterytme.​

 

MIOHjerteavdeling 2020 - foto Eirik Dankel_25.jpg

Pacemaker: Ein del av MIO sitt pacemakerteam: F.v. intensivsjukepleiar Lene Stavland, kardiolog Christer Aase og intensivsjukepleiar Torhild Stene Mo. Foto: Eirik Dankel

 

Vil ha pla​ss til fleire

Det viser seg ofte at det kan vere behov for fleire overvakingsplassar, og det er planar på sikt om å auke kapasiteten.

For å kunne oppnå dette trengst det fleire både intensivsjukepleiarar og vanlege sjukepleiarar, og det er ønskeleg med generell kompetanseheving på avdelinga. På planen står ei eiga respiratorisk eining som vil få spesialkompetanse på behandling av pasientar med alvorleg respirasjonssvikt

No gler funksjonsleder Anna Flotve seg over at planlegging av byggjetrinn 2 er godt i gang, der MIO er inkludert.

 Det er ein veldig spennande prosess å vere med på å byggje opp eit nytt MIO. Avdelinga skal med tida nesten doblast, smiler ho fornøgd.

 

Pasi​entane i fokus

På MIO finst det mange medarbeidarar som legg si sjel i å gjere alt dei kan for pasienten, også ut over det mest akutte.

Intensivsjukepleiar Anders Ask fortel at mange av pasientane rosar MIO for dette.

​ Dei føler seg ivaretatt og synest dei får veldig god pleie her, seier Ask.

 

MIOHjerteavdeling 2020 - foto Eirik Dankel_14.jpg

Ny leiar: Anna Flotve blei i vinter ny  funksjonsleiar på MIO. Her saman med intensivsjukepleiar Alan Regy Reimers. Foto: Eirik Dankel