Sluttar som administrerande direktør

Olav Klausen har i dag bedt styret i Helse Fonna om å få avløysing som administrerande direktør. Klausen har hatt stillinga sidan 2011.

Publisert 17.06.2022
Sist oppdatert 01.03.2024

Det er 40 år sidan Olav Klausen hadde sin første sommarjobb som pleiemedhjelpar ved hjarteavdelinga ved Haugesund sjukehus. Han studerte medisin ved Universitetet i Bergen frå 1979 og arbeidde etter turnustenesta ved Haukeland universitetssjukehus.

Han reiste tilbake til heimbyen i 1989 og har sidan 1995 hatt stillingar på alle leiarnivå i føretaket saman med jobben som øyre-nase-halslege og øyrekirurg. I 2011 blei han viseadministrerande direktør og seinare same år administrerande direktør. Han har tidlegare også vore hovudtillitsvald for legane, og har både som tillitsvald og leiar delteke i mange råd og utval, både lokalt og nasjonalt.

​ Då eg starta som administrerande direktør var eg best kjend med Haugesund sjukehus. Eg har sidan det blitt godt kjend med og glad i dei andre sjukehusa, dei distriktspsykiatriske sentera, ambulansestasjonane og dei som arbeider i føretaket. Saman med mange dyktige og engasjerte leiarar har eg hatt gleda med å leie ein stor organisasjon. Eg har vore leiar for svært mange gode og engasjerte medarbeidarar i bortimot 30 år. Det gode samarbeidet med vernetenesta og dei tillitsvalde har bidrege til at vi har fått mykje til, seier Klausen (biletet).

helse-fonna-olav-klausen-2-foto-eirik-dankel.jpg

Olav Klausen vil òg trekke fram det gode samarbeidet mellom sjukehusa på Vestlandet, kommunane og Helse Vest, noko som også viste seg under pandemien.

​ Eg har aldri slutta å bli imponert over kva som bur i leiarar og medarbeidarar, spesielt når det røyner på. Møta med flinke folk som vil gje god behandling til pasientar, og innsatsen for å halde oppe funksjonane våre døgnet rundt i krevjande tider, er nokre av mine beste minne. Det er ei tid for alt, no skal eg tenkje meg om litt før eg avgjer kva eg skal gjere vidare, seier Olav Klausen som inntil vidare fortset i stillinga.

Styret i føretaket har i dag sett ned eit tilsettingsutval som skal stå for vidare prosess.

Styreleiar Petter Steen jr. takkar for jobben Klausen har gjort.

​ Olav Klausen har gjennom 11 år som administrerande direktør i Helse Fonna lagt ned eit fantastisk arbeid for å utvikla føretaket, slik at det er godt budd på å møta utfordringane vi veit kjem dei neste åra. Helse Fonna er svært takksam for jobben Olav Klausen har gjort for tryggleiken til menneska på Haugalandet, i Sunnhordland, Indre Ryfylke og Indre Hardanger. Ei god spesialisthelseteneste er det aller viktigaste elementet i eit fungerande velferdssamfunn.

Det vil bli krevjande å finna ein etterfølgjar etter Olav Klausen, men det er denne jobben styret no skal starta på. Det å leia Helse Fonna bør vera ei av dei mest spanande og utfordrande toppleiarstillingane i storregionen, seier styreleiar Petter Steen jr.