Styret rosar medarbeidarane

Betre kontroll på økonomien, best i vest på sjukefråvær og framleis nedgang i ventetider. Styret i Helse Fonna er rause med rosen.

Magne Kydland
Publisert 20.11.2024
Sist oppdatert 21.11.2024
En gruppe mennesker som sitter ved bord
Dei dyktige fagfolka våre har lagt ned eit stort arbeid for å korte ned ventetidene, samtidig som dei har heva kvaliteten på arbeidet, opplyste fagdirektør Andreas Andreassen (bak) på dagens styremøte i Helse Fonna. Styremedlem Jo Eikeland Roald (t.v.), Helga Arianson, Anne Sissel Faugstad (nestleiar), Monica Lindseth og styreleiar Petter Steen jr. Foto: Magne Kydland

Det er ei svært positiv utvikling for ventetida i Helse Fonna.  

Trass i at det er fleire tilviste pasientar i oktober enn i september, så går ventelistekøen ned, og det er over 800 færre pasientar som ventar eller er i behandling enn i september. Det vert avslutta vesentleg fleire behandlingar enn nytilviste, noko som viser igjen på kortare ventetider 

Månadsrapporten for oktober viser at det innan somatikk var 59 dagars ventetid, psykisk helsevern vaksne 37 dagar, psykisk helsevern barn og unge 28 dagar og rusbehandling 19 dagar, for dei som ventar på behandling.  

 

Har betra kvaliteten 

Dette inneber at ein er under kravet på alle områda for ventande innan psykisk helsevern, medan ventetida innan somatikk nærmar seg målkravet. Helse Fonna er godt i gang med Ventetidsløftet, der det blir sett i verk ei rekkje ulike tiltak for å redusere ventetider, og vi forventar ytterlegare reduksjon i ventetidene, seier administrerande direktør Anders Hovland. 

Det var ingen fristbrot innanfor psykisk helsevern og rus i oktober, og samanlikna med føregåande år er det ein nedgang på 33 prosent fristbrot for behandla, og 11 prosent fristbrot for ventande. Samanlikna med oktober 2022 er talet på fristbrot for ventande redusert med heile 64 prosent.  

Dei dyktige fagfolka våre har lagt ned eit stort arbeid for å korte ned ventetidene, samtidig som dei har heva kvaliteten på arbeidet. Ein har jobba meir effektivt innan noverande løysingar og har heile tida fokus på å ta i bruk nye løysingar for å betre pasientoppfølginga. Dette har m.a. vist seg i form av kvalitetspris til gastro-poliklinikken for arbeidet med å redusere re-planlegging av koloskopiundersøkingar, noko som har redusert re-planlegginga til eit minimum. Dette arbeidet har fått stor nasjonal merksemd, og er delt med fleire andre føretak. Vidare skal nemnast digital sårpoliklinikk på Stord i samarbeid med kommunehelsetenesta, og pasientstyrt digital oppfølging av barn med diabetes, forklarar fagdirektør Andreas Andreassen, som orienterte styret om Helse Fonna sitt arbeid med Ventetidsløftet. 

 

Held fokus på økonomien

Økonomitala viser eit negativt økonomisk avvik på 4,8 millionar kroner i oktober, og ei samla avvik på -58 millionar kroner så langt i år. Det er framleis variable lønnskostnader som bidreg mest til det samla avviket, men denne månaden var det ein auke i varekostnadane, med eit tilhøyrande avvik på 5 millionar som bidrog vesentleg til det samla negative avviket. Prognosen er justert til -15 millionar for året. 

Det blir framleis  gjort ein svært god jobb i føretaket for å få drifta i balanse, samstundes som fleire tiltak som skal bidra til betre økonomisk eller fagleg drift er under utarbeiding eller implementering, forklarte Hovland til styret.  

  Det er klart at for å komme i balanse og drive med overskot slik ein har lagt til grunn for kommande år, må vi greie å ta ut dei gevinstane som er venta ut i frå den satsinga som er gjort på faste heile stillingar og styrking på sårbare område. Her er det gjort mykje bra, men vi er ikkje i mål, understrekar Hovland. 

 

Lågt sjukefråvær 

Talet på tilsette aukar gradvis, og rapporten viser at Helse Fonna har 4311 tilsette. Det er 120 fleire enn for to år sidan. Det har det siste året vore fokus på å fleire inn i heiltidsstillingar. I dag har om lag to av tre av dei fast tilsette heiltidsstilling. 

Talet på utskrivingsklare pasientar er framleis høgt, men her er det god dialog med kommunane, og statistikken viser ein gledeleg og vesentleg nedgang siste månaden. 

Sjukefråværet er framleis svært lågt, og det er svært gledeleg. Føretaket har nå det lågaste sjukefråværet på fleire år, og tala syner at det er størst nedgang på legemeldt sjukefråvær.  

Dette er strålande nyhende! Sjukefråværet har gått gradvis nedover, og viser at det går an å få gode resultat med rett fokus. Dette er svært gode tal. Her blir det gjort eit godt arbeid på alle nivå, seier styreleiar Petter Steen jr. 

Sjukefråværet i Helse Fonna var i oktober på 7,1 prosent. Det er godt under gjennomsnittet i Helse Vest RHF, og Helse Fonna er det føretaket som har lågast sjukefråvær. 

Styret er godt nøgd med drifta, og rosar medarbeidarane i føretaket, noko som vart presisert i vedtaket: «Styret i Helse Fonna HF vil uttrykke ros for det gode arbeidet som vert gjort og tek rapporten frå verksemda til vitande.  Styret ber administrasjonen om å oppretthalde fokus på god økonomisk drift for å sikre økonomisk berekraft framover.  Styret ber administrasjonen følgje opp Ventetidsløftet og fortsette arbeidet med å sikre god tilgang til tenestene og redusere ventetidene».   

En person som sitter ved et bord
Administrerande direktør Anders Hovland og alle medarbeidarane i Helse Fonna fekk positive tilbakemeldingar frå styret. Foto: Eirik Dankel

 

Jobbar med å få ned antibiotikabruken 

Problem med antibiotikaresistens er ei av dei største globale helseutfordringane. Problemet er aukande i Norge, og ein av dei viktigaste drivarane er overforbruk og feilbruk av såkalla breispektra antibiotika.  

Helse Fonna ligg noko over landsgjennomsnittet i bruken av desse antibiotikatypane, og det blir arbeidd på mange nivå og innan mange fagområde i føretaket for å redusere forbruket, opplyser fagdirektør Andreas Andreassen. 

Blant anna er det oppretta eit eige antibiotikateam med representantar frå alle somatiske sjukehusa. 

Det er derfor svært gledeleg at vi no registrerer at forbruket av breispektra antibiotika har vore betydeleg fallande i Helse Fonna så langt i år, og er på det lågaste nivået sidan 2019. Likevel er forbruket framleis 8,9 prosent høgare enn i 2019, og noko over landsgjennomsnittet. Helse Fonna har også framleis det høgaste forbruket blant føretaka i Helse Vest, men forskjellen er mykje mindre no enn den var, oppsummerer Andreassen. 

 

Utsette lånesak 

På saklista stod ei sak om eit internt lån på 100 millionar kroner frå Helse Vest RHF, for oppgradering av sikkerheitsposten på Valen sjukehus.

Den saka blei utsett, og administrasjonen vil komme tilbake til ho i februar, når forprosjektet er ferdig, og ein har meir presist kostnadsoverslag for ei fullstendig styrebehandling av saka.