Har snudd minus til pluss
Helse Fonna enda med eit positivt driftsresultat i september. Sist gong det skjedde var i februar 2021.
Verksemdrapporten for september viser positive teikn på dei fleste felt. Økonomisk går drifta betre for kvar månad, og i september var driftsresultat i Helse Fonna på den positive sida for første gong sidan februar 2021. Driftsresultatet for september enda på 3,7 millionar kroner. Totalresultatet er 1,1 millionar kroner.
– Det er svært gledeleg at drifta enda med positive tal i september. Dette skuldast godt arbeid frå tilsette på alle nivå i føretaket. Utviklinga er heilt naudsynt for å vere i stand til å investere vidare i bygg og utstyr, skriv administrerande direktør Anders Hovland i si vurdering av månaden som har gått. Han får støtte frå ein nøgd styreleiar Petter Steen jr.
– Den økonomiske snuoperasjonen som Helse Fonna no er i ferd med å gjennomføra, hadde ikkje vore mogeleg utan det gode arbeidet som blir gjort på alle nivå i organisasjonen. Medarbeidarane gjer ein fantastisk jobb kvar dag for både å tilpassa drifta til dei økonomiske rammene og sikra god kvalitet og reduserte ventetider. God leiing og dedikerte medarbeidarar gjev resultat, slår Steen jr. fast.
Investerer i bygg på Stord og i Haugesund
Betre økonomi gjer ein og i stand til å investere i bygg og infrastruktur. Ombygging og oppgradering på Odda sjukehus og ny sikkerheitspost på Valen sjukehus står allereie på planen. No blir det også sett av midlar til investeringar på Stord sjukehus.
– Det blir ombygging og oppgradering i samband med auka tilbod i spesialisert rehabilitering, og denne oppgraderinga vil føre til betre drift for heile sjukehuset, opplyser Hovland.
Byggjetrinn 2 ved Haugesund sjukehus er godt i gang og held seg innanfor planen både når det gjeld framdrift og budsjett. Betring i økonomien i føretaket gjer at styret vedtok å realisere alle nybyggopsjonane i byggjetrinn 2 ved Haugesund sjukehus.
– Høge renter og inflasjon gjorde at vi var usikre på om vi kunne innreie heile nybygget. No har vi betre resultat i drifta i Helse Fonna. Dersom vi realiserer desse opsjonane no blir det langt billegare enn om vi skal gjere det seinare, seier Laila Nemeth, direktør for Bygg, drift og eigedomsutvikling i Helse Fonna.
Innløysing av opsjonane vil sikre gode areal for naudsynt pasientbehandling ved Haugesund sjukehus, noko som kjem pasientar frå heile føretaket til gode.
Styret kom med gode tilbakemeldingar på måten bygg- og investeringsprosjekta blir styrt på i Helse Fonna.
Utskrivingsklare pasientar skapar bekymring
Helse Fonna følgjer opp Ventetidsløftet, og det er sett i verk ei rekke tiltak for å redusere ventetidene vidare. Tala syner at det er ein auke i aktivitet på alle område i september samanlikna med føregåande år som og hadde ein vesentleg aktivitetsauke. Litt over halvparten av dei tilviste kjem til føretaket for øyeblikkeleg hjelp, og her er det auke, både samanlikna med føregåande månad og for året samla. Det er ein vidare auke i bruk av digital behandling som er ei prioritert og ønska utvikling.
Administrerande direktør gler seg også over at sjukefråværet held fram med å gå ned, og er det lågaste på fleire år.
– Her blir det gjort eit stort arbeid, både frå HR-organisasjonen og frå leiare, tilsett, tillitsvalde og verneombod på alle nivå, skriv administrerande direktør i si vurdering av månaden som har gått.
Det som ikkje er like positivt er at talet på utskrivingsklare pasientar framleis går opp, og er bekymringsfullt høgt. Samla syner tala at ei vesentleg del av kapasiteten i føretaket vert nytta på pasientar som kunne fått eit betre tilbod i kommunen sin.
Møte om Vestlandslegen
Den siste tida har det vore stilt spørsmål med finansiering og prioritering av Vestlandslegen. Det er planlagt for eit kull på 25 legestudentar i Helse Fonna, noko som samla for tre studieår gir 75 studentar ved føretaket. Det er ikkje kome endeleg nasjonal avklaring om tildeling av dei ekstra studieplassane, men planlagt studiestart er 2026, med oppstart i Fonna frå hausten 2029.
Administrerande direktør orienterte styret om stoda på styremøtet på Stord fredag.
– 11. november er eg invitert, saman med dagleg leiar Sigmund Lier i Haugaland Vekst, Ole Johan Vierdal og Marthe Eide Klovning (frå arbeidsutvalet i Haugalandsrådet), til Oslo for å møte statsråden. Eg er glad for at statsråden set av tid til oss slik at vi får høve til å drøfte denne saka med han. Det er eit stort engasjement blant dei tilsette, politikarar og andre i regionen, og eg er takksam for mobiliseringa og dei lokale kreftene som har fått denne saka opp på dagsordenen. Vestlandslegen er eit prosjekt som er svært viktig for Helse Fonna og dei kommunale tilboda med tanke på rekruttering av legar i åra framover, seier Hovland.
Går ut av styret
Morten Lyngås Føyen har vore ein av fire tilsettrepresentantar i styret sidan vinteren 2023. No vert operasjonssjukepleiaren frå Stord sjukehus erstatta av Monica Lindseth, som er psykiatrisk sjukepleiar og funksjonsleiar ved Valen sjukehus.
Føyen har sjølv søkt om fritak frå styrevervet ut perioden fordi kona hans, Sunniva Austlid, er ny klinikkdirektør Somatikk Stord.
– Eg fryktar at rolla mi som styremedlem vald av dei tilsette fort kan komme i interessekonflikt eller habilitetsspørsmål i høve til min nære relasjon med medlem av toppleiargruppa. Eg ber difor om å blir friteken frå vervet mitt som styremedlem, skriv Føyen i søknaden, som vart innvilga.