Styret fekk endeleg møte brukarane

Helse Fonna har aktive og engasjerte brukarrepresentantar i brukarutvalet og ungdomsrådet. Fredag fekk dei høve til å presentere seg for styret.

Publisert 17.06.2022
Sist oppdatert 01.03.2024

Pandemien har ikkje berre prega drifta i Helse Fonna, men også aktiviteten i brukarutvalet og ungdomsrådet. Mykje har vore digitalt, og mykje har blitt avlyst eller utsett.

brukarar.jpg

Fekk skryt: Styret i Helse Fonna let seg imponere av brukarrepresentantane Grete Müller (frå venstre), Heidi Larsen Wåge og Else Berit Helle. Siv Emberland og Emma Sofie Lae-Pedersen (t.h.) fekk høve til å vise fram ungdomsrådet sin heilt ferske presentasjonsfilm.


​ Brukarutvalet sitt arbeid vart i 2021, som året før, sterkt prega av koronapandemien. Planlagt fellesmøte med ungdomsråd, brukarråda for DPS-ane og brukarutvalet hausten 2021 blei avlyst som i 2020. Dessutan kunne fleire av prosjekta, brukarsamlingane og aktivitetane i interne utval ikkje gjennomførast etter oppsett plan. Erfaringa ved å bruke Teams-møte har vorte betre i år enn i fjor - sjølv om deltakarane fort vert slitne når møta vert for lange. Fordi sakslista må gjerast kortare, vert ikkje møta like effektive som før pandemien. Eit par webinar blei arrangerte som erstatning for felles brukarsamlingar, men dette er ei møteform der det er vanskeleg å engasjera tilhøyrarane i tilstrekkeleg grad av di teknikken ofte skrantar og det blir mykje einvegskommunikasjon som brukarrepresentantane synest er krevjande å fylgje med på, heiter det i årsmeldinga for 2021.

 

Kvalitet og pasienttryggleik​

Men trass i dette er brukarutvalet aktive på fleire frontar, og har desse fem fokusområda: Koronapandemien, oppdragsdokumentet, kvalitet og pasienttryggleik, nytt sjukehusbygg i Haugesund og revidert utviklingsplan Helse Fonna 2022-2026.

​ Brukarutvalet ynskjer å stille kvalitet og pasienttryggleik som aller høgaste prioritering blant saker vi ynskjer å involvere oss i. Det er viktig for oss å kommunisere ut kva vi opplever å vera god kvalitet i pasientbehandlinga. Difor har vi vore opptatt av dei pasientopplevde resultata etter PasOpp-undersøkingane, og sett på kva som kan liggja bak dei relativt dårlege tala for vårt eige helseføretak. Særleg vert det peika på manglar ved informasjon i høve til utskriving og generell pasientkommunikasjon. Det er no stilt ferdig ei enkel brosjyre som gjev informasjon om kva type hjelp pasientar kan vente seg frå sine kommunar når dei vert skrivne ut frå sjukehusa. Samstundes har ei anna arbeidsgruppe lage mal for strukturert samtale ved utskriving som vi håpar at legane våre ynskjer å ta i bruk, skriv brukarutvalet i sin rapport.

 

Nøgde med byggjeprosjektet​

​ Snart to år med koronaepidemi har ført til eit stort press på føretaket sine helsearbeidarar. Då er det snart at det kan skje uønskte hendingar, som til dømes at medisin blir administrert feil eller at pasientar vert liggjande for lenge i mottak og ikkje får så god behandling av helsepersonellet som dei forventar. God flyt i pasientbehandlinga, plan for å skape eit godt team-arbeid mellom ulike fagdisiplinar og simulering av ulike tenkte hendingar, kan styrkje og tryggje helsearbeidarane slik at dei makter å stå i det tunge arbeidet over tid, skriv brukarutvalet.

Brukarutvalet er også aktiv deltakarar i byggjeprosjekta i Haugesund. Her er ein i full gang med planlegging av byggjetrinn 2.

​ Det er imponerande at «Sørvesten» blei levert til avtalt tid og til fastsett pris i den vanskelege tida med svikt i vareleveransar og med arbeidarar i karantene. Brukarutvalet ser fram til å delta aktivt i planlegginga av dei nye pasientromma som skal komme i det neste byggetrinnet, saman med ny kreftavdeling og avdeling for infeksjonsmedisin, heiter det i årsmeldinga.

Leiar i brukarutvalet, som også har møterett i styret, Grete Müller, heldt innlegg om pasientopplæring, og oppmoda styret og administrasjonen til å satse endå meir på dette i åra som kjem.

 

Viste film​

Ungdomsrådet, som består av 11 engasjerte ungdommar i alderen 14-23 år, som kjem frå Haugalandet og Sunnhordland, viste fram ein heilt fersk presentasjonsfilm, som førte til mange positive tilbakemeldingar frå styret.

​ Ungdomsrådet si hovudoppgåve er å gjere sjukehus, DPS og BUP til ein betre stad for barn og unge. Anten om dei er sjuke sjølv, eller har sjukdom i nær omgangskrets. Vi jobbar også for å gjere kommunen, og dei stader barn og unge held seg store delar av tida, til ein god stad å vere. Vi ønskjer at barn og unge skal ha det bra, og bli sett og forstått der dei er. Dermed jobbar vi for å spreie kunnskap ut til kommunehelsetenesta og oppvekstsektoren, står det å lese i ungdomsrådet sin presentasjon.

Ungdomsrådet har særleg fokus på desse fire områda: Heilskapleg hjelpetilbod, brukarmedverknad, barn og unge som pårørande og sjølvmordsførebygging.

 

Imponert styreleiar​

​ Dette med sjølvmordsførebygging er noko Ungdomsrådet har hatt eit særleg fokus på i mange år, og det blei endå meir aktuelt under pandemien. Fleire barn og unge blei isolerte og aleine, og meir tid blei brukt i eigne bobler utan input frå omverda. Vi blei oppmoda om å vere åleine og ikkje vere saman med så mange, difor blei sjølvmordsførebygging og psykisk helse viktig for oss. Å snakke om dette temaet, og om korleis ein kan vere der for kvarandre på andre måtar blei mottoet vårt. Vi har i fleire rundar delteke i Helse Fonna sin sjølvmordførebyggjande kampanje, skriv ungdomsrådet i si årsmelding.

Styreleiar Petter Steen jr. og dei andre i styret er mektig imponert over innsatsen som både brukarutvalet og ungdomsrådet legg ned for å gjere Helse Fonna best mogeleg for pasientar og pårørande. Tilbakemeldingane var svært positive.

​ Fyldige og gode årsmeldingar, og de har openbart fokus på viktige saker. Og gode presentasjonar, det er inspirerande å høyre på brukarane våre. Dette viser at det er viktig med kontinuerleg fokus, ikkje berre på opplæring av pasientane, men også opplæring av innbyggjarane, for å unngå at dei blir pasientar, seier Steen jr.

 

Vil ha ned sjukefråværet

Sjukefråværet har variert svært mykje gjennom pandemien. På det meste har sjukefråværet i løpet av ein månad vore på ti prosent. På styremøtet gjekk HR-avdelinga gjennom ei rekke rapportar og grafar om sjukefråvær og orienterte om ulike tiltak som er sett i verk for å få ned sjukefråværet.

I presentasjonen vert det vist til at alle klinikkar og avdelingar har stort fokus på dette, og at sjukefråvær er fast tema på alle rapporteringsmøte. Og ein har stort fokus på at gode og tydelege leiarar som bidreg til eit velfungerande arbeidsmiljø er ein nøkkelfaktor.

​ Det handlar om å skape ein kultur på arbeidsstaden der alle er viktige og kan bidra til å oppnå felles mål. Skal vi få dette til, vert utvikling av leiarane vesentleg. Leiarar må vere gode relasjonsbyggjarar og kunne motivere sine medarbeidarar, samt vere gode på å kommunisere med og skape arbeidsglede, tydeleggjere målsetjingar og forventingar. Tett dialog mellom leiar og medarbeidar i arbeidet med oppfølging av sjukefråvær er ein av dei viktigaste suksessfaktorane for å få den sjukemeldte tilbake i arbeid, heiter det i saka.

Styret ber administrasjonen om å jobbe vidare med å få ned sjukefråværet og ein vil komme tilbake til saka på neste styremøte, som er i september.