Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Brukarutvalet

Brukarutvalet er eit rådgivande utval for administrasjonen og styret i Helse Fonna.

Representantar frå brukerutvalet deltar i ulike utval og prosjekt. Dei gir råd i sentrale spørsmål som gjeld helsetilbodet i området, som til dømes tilgjenge, dimensjonering, ventetider og kvalitetsutvikling.

Saker til brukarutvalet kan komme etter initiativ frå Helse Fonna eller frå det lokale brukarutvalet sjølve.

Brukarutvalet for Helse Fonna er samansatt av representantar frå ulike brukarorganisasjonar. Utvalet skal bidra til å overføre erfaringsbasert kunnskap frå brukarar tilbake til sjukehusa og dermed medverke til å sikre kvaliteten på tenestene.

Meir om brukarutvalet

Helse Vest samarbeider med brukar- og pasientorganisasjonane gjennom det regionale brukarutvalet. Dette er eit rådgivande organ for Helse Vest og eit samarbeidsforum mellom Helse Vest og brukarorganisasjonane.

I utvalet sit representantar frå SAFO (Samarbeidsforum for funksjonshemma organisasjonar) og paraplyorganisasjonen FFO. På nettsidene til Helse Vest finn du sakene som det regionale brukarutvalet i Helse Vest behandlar. Sakene er sortert på dato for møta.

Du kan ta direkte kontakt med brukarutvalet. Vi vil gjerne ha forslag og innspel frå alle brukargrupper, pasientar og pårørande: 

Leiar

Grete Müller, telefon 415 18 997

Nestleiar

Else Berit Helle, telefon 413 80 614

Faste representantar

Grete Müller, NFU
Else Berit Helle, Mental helse
Karl Olaf Sundfør, Mental helse
Hilde Elisabeth Lewin Warren, Kreftforeningen
Anne Karin Sørdal, Mage-tarmforbundet
Geir Charles Grindheim​, Reumatikerforeningen
Synnøve Bårdsen Lindanger, SAFO Sørvest
Nils Reiersen, Pensjonistforbundet

Vararepresentantar

John Roger Midtun, Kreftforeningen
Alice Birkeland, Norsk blindeforbund
Kjersti Vinje, NFU

Sekretær

Kjersti Haugen, telefon: 45293810

 




    Brukarbank

    Ein brukarbank er ei oversikt over personar som bidrar med erfaringskompetanse i prosjekt, forsking, nettverk og andre fora der brukarar bør vere representerte.  Brukarbanken skal også gi en oversikt over likepersontenesta i Helse Fonna.

    Kvifor har vi ein brukarbank?
    Pasienten skal styrkast. I pasientens helseteneste er pasient og helsepersonell likeverdige samarbeidspartar. Det inneber blant anna at pasientar og pårørande skal vere delaktige i utforming av helsetenesta (Nasjonal helse og sykehusplan 2016-2019).

    Helse Fonna HF og FOUSAM vil derfor legge til rette for at erfaringskunnskap skal inkluderast, og har saman med Brukarutvalet eit stort behov for å få oversikt over kompetente og engasjerte pasientar/pårørande. Oppdrag som brukar blir honorert.

    Slik fungerer det
    Seks personar som jobbar i Helse Fonna og FOUSAM vil ha tilgang til Brukarbanken. Instansar som har behov for brukarrepresentantar kan ta kontakt med ein av disse seks for kontaktinformasjon til aktuelle brukarar som dei då sjølv tar kontakt med.

    Den som er ansvarleg for prosjekt/utval/arbeidsgruppe skriv kontrakt med, følgjer opp og honorerer brukarrepresentanten, i tråd med gjeldande retningslinje.  Representasjon blir meldt sekretær for Brukarutvalet (samhandlingskoordinator i Helse Fonna) som har oversikt over brukarrepresentantar som skal rapportere til Brukarutvalet.

    Interessert?

    Vil du vere med i brukarbanken? Bruk skjema "Brukarregistrering" i oversikta under og send til brukarbank@helse-fonna.no. Du kan også sende ein førespurnad i brevs form til Samhandlingskoordinator i Helse Fonna HF, Post boks 2170, 5504 Haugesund.




        Sist oppdatert 08.02.2023