Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Personvern

Denne personvernerklæringa fortel korleis personopplysningar blir samla inn og brukt på helse-fonna.no.

Nettstaden blir utvikla i tett samarbeid med dei andre sjukehusa i Noreg. 

Felles nettløysing for spesialisthelsetenesta består i dag av om lag 40 nettstader: Alle sjukehusa, IKT-selskap, apotek, RHF og selskap som spesialisthelsetenesta eig saman, slik som Pasientreiser. 

Saman utviklar vi ny funksjonalitet, design og oppbygging av innhaldet slik at det skal vere tilgjengeleg for brukarane. 

Vi samarbeider også med Direktoratet for e-helse og Norsk Helsenett som forvaltar og driftar den tekniske løysinga.

Ansvar

 Dataansvarlig: Helse Fonna HF

Databehandler er Norsk Helsenett SF (NHN). Bruksvilkår for nasjonale e-helseløsninger

Direktoratet for e-helse er ansvarleg for innhenting og bruk av personopplysningar som blir gjort i forbindelse med drift og vedlikehald av nettstaden.

Norsk Helsenett er Direktoratet for e-helse sin databehandlar, og er leverandør av drift og vedlikehald av nettstaden.

Opplysningane som blir samla inn, blir lagra på serverar som Norsk Helsenett (NHN) driftar. Ein eigen avtale mellom Direktoratet for e-helse og NHN regulerer kva informasjon leverandøren har tilgang til og korleis den skal behandlast.

E-post

Du har anledning til å kontakte oss via e-post dersom du har generelle spørsmål til noko av det du les om på våre nettsider. Dersom du sender ein e-post til oss vil e-postadressa di og personopplysningane du inkluderer i e-posten bli lagra. Lagringsperioden er avhengig av om innhaldet er arkivverdig eller ikkje. Om det er arkivverdig vil det bli lagra i henhold til bevaring- og kassasjonsreglementet til Departementet og arkivforskrifta. E-post som ikkje er arkivverdig blir sletta etter 3 månader.

Sensitive personopplysningar skal ikkje sendast med e-post. Det er derfor viktig at du ikkje inkluderer slike opplysningar, for eksempel opplysningar om helsa di, personnummer osv. i e-post til oss. Treng du å gi oss slike opplysningar kan du logge på og sende oss ein sikker melding.

Gi tilbakemelding på nettsidene

Du kan gi tilbakemelding på nettsidene via skjemaet «Fann du det du leita etter». Skjemaet ligg på eit utval av nettsidene våre. Du vil ikkje få svar på tilbakemeldinga, men ho blir lagra. Tilbakemeldingane blir brukt som innspel til forbetring og utvikling av nettsidene. 

Dersom du skriv inn telefonnummer, fødselsnummer eller e-postadresse, blir desse opplysningane automatisk sletta før innsending.

Lenker til andre nettstader

Vi lenker til andre organisasjonar og nettstader. Personvernerklæringa på denne nettstaden omfattar ikkje andre nettstader. Når du besøker andre nettstader, bør du derfor lese personvernerklæringa på desse nettstadane.

Vi bruker videoavspelingstenesta Youtube frå Google. Google samlar inn data når du speler av ein video. Slike data blir ikkje samla inn viss ikkje du speler av videoen. Google bruker også informasjonskapslar når du speler av ein video. Når du speler av ein Youtube-video må du godta personvernerklæringa frå Google (https://policies.google.com/privacy?hl=no)

Besøksstatistikk

Nettstaden lagrar trafikk/besøksstatistikk. Statistikken viser kor ofte kvart enkelt område av nettsida blir besøkt. Vi kan ikkje spore din bruk av nettstaden tilbake til deg som enkeltperson.

Eksempel på informasjon som blir lagra er: Tal på besøkande på dei ulike sidene, informasjon om kva nettside du var på før du kom inn på vår nettstad (url-adressa du kom frå), kor lenge du er på nettsida og kva nettlesar du bruker. Informasjonen som blir lagra blir brukt slik at nettsida sine tilbod og innhald kan bli betre og utviklast vidare.

Besøksstatistikken er basert på verktøya Google Analytics og Universal Analytics og nettstaden bruker ei løysing i Universal Analytics for å anonymisere lesarens IP-adresse slik at denne ikkje blir lagra hos Google eller på plattforma.   

Viss du likevel ikkje ønskjer at vi skal samle inn opplysningar om deg som vi anonymiserer og bruker til statistikk , kan du melde deg av denne innsamlinga på følgande adresse:
http://tools.google.com/dlpage/gaoptout?hl=en.

Her kan du installere ei teneste på nettlesaren din, levert av Google Analytics. Tenesta (ein add-on) kan installerast både på Chrome, Internet Explorer 11, Safari, Firefox og Opera. 

Søk

Vi lagrar informasjon om kva søkeord du bruker når du søker på nettstaden. Formålet med dette er å gjere informasjonen vår betre og meir tilrettelagt brukarane sine behov. Vi kan blant anna finne ut kva søkeord som gir treff og kva søkeresultat du vel. Det er berre søkeorda som blir lagra, og dei kan ikkje koplast til andre opplysningar om deg.

Jobbsøkjarar

Dersom du søkjer jobb hos oss, må vi behandle opplysningar om deg for å vurdere søknaden din. Personvernerklæring for Refapp. 

Alle stillingssøknader blir journalførte i postjournalen vår.

Personvernombodet i Helse Fonna

Personvernombodet sikrer at personopplysnigar om pasientar og brukarar blir behandla i tråd med personvernlovgivinga.

Både pasientar, brukarar og medarbeidarar har rettigheitar i samband med personvernet. Helse Fonna har ei plikt til å følje desse krava. Dette er eit viktig arbeid for å sikre den enkelte sin tryggleik i forhold til korleis sjukehusa handterer personopplysningar. Det gjeld alle dei vi behandlar, gir tilbod og eigne medarbeidarar.

Oppgåver

Personvernombodet si hovudoppgåve er å informere og gi råd om dei krava helseføretaket har etter personvernlovgivinga. Dette gjeld også for dei tilsette som handsamar personopplysningar.

Kontakt personvernombodet

Personvernombud i Helse Fonna er Tomas Jonsson. Du kan kontakte personvernombodet på e-post, personvernombodet@helse-fonna.no.

 

Sist oppdatert 09.12.2022