Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Felles lab-system gir mange fordelar

Denne veka gjekk også Helse Fonna over til lab-systemet Unilab, noko som betyr at alle sjukehusa på Vestlandet brukar det same systemet.

Linn Herredsvela
Publisert 01.03.2024
En gruppe mennesker i hvite labfrakker som står i et rom
I desember 2022 byrja dei første på opplæring. Denne veka kunne medarbeidarane på laboratoria i Helse Fonna klippe snora og feira at dei no endeleg er på same system som resten av sjukehusa i Helse Vest. Funksjonsleiar Tiril Knutsen klippar snora. T.v. Tone Bjerregård, og til høgre Kristine Kibsgaard. Foto: Magne Kydland

Det har vore ei lang reise, men no er også Helse Fonna i det same lab-systemet som resten av sjukehusa i Helse Vest. Det gir store gevinstar, både for helsepersonell og pasientar.

– No er det mogleg å bestille prøver på tvers av sjukehusa i Helse Vest-regionen. Det betyr at pasientane kan ta prøvar kvar som helst ved eitt av sjukehusa våre, uavhengig av kvar prøva er rekvirert og kor oppfølginga skal skje. Og pasientane slepp å ta med papir eller etiketter slik dei måtte tidlegare, seier Tone Bjerregård, prosjektleiar for innføring av felles laboratorieløysing i Helse Vest.

En mann i labfrakk
Tone Bjerregård har jobba med innføring av felles lab-system på alle sjukehusa i Helse Vest heilt sidan 2009. No er prosjektleiaren endeleg i mål. Foto: Magne Kydland

– Dette er ein milepåle etter mange års arbeid, seier Bjerregård.

Det heile starta i 2009 då mikrobiologisk avdeling ved laboratorieklinikken på Haukeland universitetssjukehus byrja å bruke Unilab. Dei andre laboratoria ved sjukehuset følgde etter, og deretter har sjukehusa i Førde, Nordfjordeid, Lærdal, Stavanger, samt Betanien og Haraldsplass gått over til same system. Og no blir det også brukt i Haugesund, Odda og Stord.

 

Berre éi registrering

Når alle sjukehusa i regionen bruker det same lab-systemet, held det å registrere ei prøve éin gong. Det gjeld frå prøva blir bestilt og til ho blir teken og analysert. Skal prøva sendast til eit anna laboratorium i regionen for analyse, treng ho heller ikkje registrerast på nytt. Prøva har den same koden og namnet heile vegen. Det gjer arbeidsdagen til helsepersonell ein del enklare.

– Og når det blir handtert over 30 millionar analysar i regionen kvart år, har denne overgangen til enkeltregistrering stor betydning, seier Bjerregård.

Når ein prøve berre blir registrert éin gong, minskar dessutan sjansen for feilregistreringar.

Andre fordeler med å ha eitt felles system:

  • Det gir ei god oversikt over bestilling av prøver, prøvetaking og resultat – på tvers av regionen.
  • Det bidreg til at vi etter kvart kan få prøvesvar på Helsenorge.no (Pasientens prøvesvar er eit igangverande prosjekt).
  • Ein får eit sterkare lab-samarbeid i regionen.
  • Det er enklare å forvalte IT-løysinga når alle bruker det same systemet.

Å effektivisere og forbetre arbeidet på sjukehusa med digitale løysingar, er eit satsingsområde for Helse Vest.

Avdelingsleiar Rita Danielsen Tyse i Avdeling for laboratoriemedisin i Helse Fonna er godt nøgd, både med prosjektet, innsatsen frå medarbeidarane og ikkje minst at systemet no er teke i bruk. 

– Det har blitt utført ein formidabel jobb, der alle har samarbeidd mot felles mål, og vi er svært glade for å ha ferdigstillt arbeidet med å få ei komplett løysing som er felles med resten av Helse Vest, seier Tyse.

En gruppe mennesker i plagg
Det har vore mykje overtid og ekstra innsats dei siste vekene, og då er det kjekt å komme i mål etter planen. Prosjektleiar Tone Bjerregård (t.v.) og til høgre står avdelingsleiar Rita Danielsen Tyse. Foto: Magne Kydland
En gruppe kvinner som smiler
Funksjonsleiarane Anita Larsen (t.v.) (immunologi og transfusjonsmedisin), Tiril Knutsen (medisinsk mikrobiologi) og Benedikthe C. Hartvigsen (medisinsk biokjemi) er svært nøgde med å endeleg vere i mål med felles labsystem i heile Helse Vest. Dette gjer arbeidet lettare, men viktigast av alt: Det betrar pasienttryggleiken. Foto: Magne Kydland