Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Klage

Dersom du meiner at pasientrettane dine ikkje er oppfylte kan du senda inn ein klage. Klagen må vere skriftleg og sendast til Helse Fonna, Postboks 2170, 5504 Haugesund. Pasientar og pårørande har også andre alternativ for klager.

Ombodet kan gi deg informasjon om pasientrettar og/eller hjelpe deg ved klage på helsetenesta eller søknad om erstatning frå Norsk pasientskadeerstatning (NPE). Det er gratis å få hjelp frå Pasient- og brukarombodet. Dei har teieplikt og du kan velje å vere anonym.  

Pasient- og brukarombodet arbeider for å ivareta pasientars behov, interesser og rettssikkerheit. Ombodet jobbar også for å betre kvaliteten i helsetenesta.

Du kan kontakte Pasient- og brukarombodet om du:

  • Ikkje får oppfylt rettane dine som pasient og pårørande
  • Er misnøgd med helsehjelpa
  • Ønskjer hjelp til å løyse konfliktar
  • Ønskjer råd og rettleiing.

Kontakt pasient- og brukarombodet

Du kan kontakte pasientombodet i fylket der du bur, uavhengig av kor i spesialisthelsetenesta du har fått helsehjelp.

Pasient- og brukarombodet i Hordaland
Telefon: 55 21 80 90
Telefontid: Kl. 09.00-11.00 og kl. 12.30-14.30
E-post: hordaland@pobo.no
Adresse: Vaskerelven 39, 5014 Bergen

Pasient- og brukarombodet i Rogaland
Telefon: 95 33 50 50
Opningstid: måndag til fredag: kl 09.00 - 14.30
E-post: rogaland@pasientbrukerombudet.no
Adresse: Postboks 8100, 4068 Stavanger

Les meir om Pasient- og brukarombodet på helsenorge.no

Norsk pasientskadeerstatning skal sikre pasientar som har fått skade etter feilbehandling erstatning for økonomiske tap og varige mein. På nettsidene til NPE kan du få hjelp til å vurdere om du kan ha rett til erstatning og rettleiing til korleis du søker.

Gå til nettsidene til Norsk pasientskadeerstatning

Dersom du som pasient, brukar eller pårørande opplever at  du ikkje får helse- og omsorgstenester, eller at kvaliteten på tenestene er uforsvarleg, kan du klage til Fylkesmannen. Dei to hovudtypane klager er:

  • Rettighetsklage: Klage frå pasient (eventuelt frå pasienten sine føresette eller person som har fullmakt) etter avslag på søknad om helse- og omsorgsteneste. Klagen skal først gå til den som har fatta vedtaket før den blir sendt vidare til Fylkesmannen som avgjer saka endeleg.
  • Tilsynssak: Klage frå pasient, pårørande eller annan interessent som gjeld kvaliteten på helsehjelpa, eller helsepersonell si framferd.

Det er ulik saksbehandling av desse typane klager, og du kan lese meir om korleis du går fram for å fremme di klage på nettsidene til Fylkesmannen.

Det er Fylkesmannen i Vestland som dekker Helse Fonna sitt opptaksområde:

Fylkesmannen i Vestland

Adresse: Statens hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.
Telefon: 57 64 30 00.
E-post:fmvlpost@fylkesmannen.no

Sist oppdatert 20.05.2022