Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pasientreiser

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker utgiftene knytt til reisa.

Hovudregelen er at du får dekt rimelegaste reisemåte til og frå næraste behandlingsstad. Krav om å få dekt utgifter må du sende inn seinast seks månader etter reisa. 

Les alt om pasientreiser og refusjon av utgifter​

Helseekspressen - eit busstilbod for deg som skal til Haukeland


Ring Pasientreiser på telefon 05515.

Dersom du av helsemessige årsaker ikkje kan bruke rutegåande transport, kan du ha rett på rekvisisjon til taxi. Behandlaren din kan utstede rekvisisjon for deg.

Manglar det rutegåande transporttilbod på strekninga, kan du ha rett på å få dekt dyrare transport viss reisa di er over 10 km. Det er Pasientreiser som utsteder desse rekvisisjonane.

Sist oppdatert 26.10.2022