We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.
A street with buildings on either side

Akuttmottak, Haugesund

Akuttmottaket er for pasientar som treng akutt hjelp. Det gjeld alle vaksne, barn, eldre og tilstander, med unntak gynekologiske pasientar og dei som skal føde.

Alle pasientar som kjem til akuttmottaket skal vere tilvist frå fastlege eller legevakt.  

Om akuttmottaket

I akuttmottaket vurderer vi kor alvorleg tilstanden til pasienten er. Nokre gonger kjem det inn svært sjuke eller skadde pasientar som treng augeblikkeleg hjelp.  

Du vil bli møtt av sjukepleiar og/eller lege, som vil undersøke og kartleggje din situasjon.  

Viss du ikkje er alvorleg sjuk eller skadd, må du berekne noko ventetid før du får snakke med ein lege. 

På akuttmottaket har vi mange legar med ulike fagområde. Pasientar blir vist til ulike legar og tidspunkt, avhengig av kva type medisinsk kompetanse ein treng.  

Vi har ikkje eit standard kø-system for behandling. Vi behandlar dei sjukaste først.  

Basert på SATS-verktøyet gjer vi ei kort førehandsvurdering og prioritering av alle pasientar for å avgjere hastegraden. Det vil bli gjort ei rask undersøking og sett ei fargekode. Ventetida er avhengig av fargekoden din og talet på pasientar i mottaket. Målet vårt er at prioriteringa skal vere utført innan 15 minutt. 

Gjennomsnittleg ventetid for behandling er om lag tre timar, men kan vere noko lengre i travle periodar.

Fargekodar 

Rød

Akutt - tilnærma ingen ventetid. 

Oransje

Hastar - du skal raskt bli sett til av lege. 

Gul

Hastar litt - dette gjeld deg som er sjuk eller skada, men utanfor umiddelbar livsfare. 

Grøn

Hastar ikkje - gjeld deg som er sjuk eller skada, men ikkje nødvendigvis treng medisinsk hjelp umiddelbart. 

Blå

Du har blitt vist til skadepoliklinikken, og du har ei tilstand som tilseier at du ikkje treng ein full hastegradsvurdering. Du vil bli tatt imot etter kvart som legane er ledige.

 

Sei i frå viss tilstanden din forandrar seg. Vi gjer så godt vi kan for å hjelpe deg og andre pasientar. 

I møte med lege og sjukepleiar vil det bli gjort undersøkingar som det kan ta tid å få svar på. Det kan vere behov for å ta ulike prøvar der det kan vere noko ventetid. Eksempel på typar prøvar kan vere CT, røntgen eller ultralyd. 

Etter at undersøkingane er ferdig, vil du enten bli utskriven eller innskriven til vidare behandling på sjukehuset. 

akuttmottaket har vi ein eigen skadepoliklinikk der vi behandlar lettare skader.

Sidan vi prioriterer pasientar som har fått alvorlege skader eller vore ute for alvorlege ulykker, kan det bli lengre ventetid for dei med lettare skader.   

Vi har alltid ulike team på vakt. Dei blir varsla og mobilisert når det kjem pasientar med alvorleg sjukdom, eller som har vore ute for alvorlege ulykker eller skader. 

I Helse Fonna har vi fem ulike typer team: 

  • Traumeteam* som behandlar personar som ha vore ute for alvorlege ulykker eller skader. Eksempel kan vere trafikkulykker eller drukning.  
  • Team for hjartestans. 
  • Eit medisinsk akutt-team for ustabile pasientar som ikkje har vore utfor ulykker. 
  • Eit team for hjerneslag. 
  • Eit team for ustabile barn. 

*Traumeteamet som handterer alvorlege ulykker eller skader består av kirurg, ortoped, anestesilege, anestesisjukepleiar, operasjonssjukepleiar, mottakssjukepleiar, radiograf, portør, radiolog og bioingeniør. Alle i traumeteamet har sine spesialiserte oppgåver.  

Vi tar imot barn på akuttmottaket. Alle barn som treng akutt medisinsk hjelp innan Helse Fonna sitt område, må komme til Haugesund sjukehus. Sjukehusa i Odda og Stord har ikkje barneavdeling og tar difor ikkje imot barn for behandling.  

Barn som kjem til akuttmottaket blir følgt opp av ein egen sjukepleiar. 

På akuttmottaket er vi ca. 70 personar som jobbar fast. Til kvar tid er det leger frå ulike avdelingar tilgjengeleg. Vi har i tillegg to overlegar og fem sekretærar som jobbar fast på akuttmottaket. Resten av dei som jobbar her er sjukepleiarar, kor dei fleste har spesialutdanning innan akuttsjukepleie, intensivsjukepleie, psykiatrisk sjukepleie eller sårsjukepleie. 

Praktiske spørsmål

Pasientar som ikkje kjem med ambulanse kan parkere i parkeringshuset. Det er ikkje lov å parkere utanfor akuttmottaket, då dette området er reservert for ambulansar. 

Om parkeringshuset:
Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark-appen. Parkeringshuset har tre ladeuttak for el-bilar.

Parkeringsavgift:
Det er Haugesund Parkering Drift AS som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Gjennomsnittleg ventetid for legekonsultasjon er tre timar. Ventetida varierer avhengig av kor alvorleg skadd eller sjuk du er, ledig kapasitet og kor mykje folk det er på akuttmottaket. 

Vi har eigen ventesone for barn.

Vi har ikkje fast matservering, men har eit lite serveringsområde med drikke og noko lett å ete. Det er mogleg å be om brødmat til pasientar.  

Pårørande og andre kan kjøpe mat i sjukehuskantina i 6. etasje eller hos Narvesen i 1. etasje. Narvesen kiosken er open til kl. 21.00 på kvardagar og kl. 20.00 i helgene. 

Du kan bruke nettverket gjest.ihelse.net.

Du vil få beskjed om å legge inn mobilnummeret ditt, deretter får du tilsendt eit brukarnamn og passord for å logge inn.

Sjå eiga side om trådlaust nett. 

Viss du er på venterommet, kan du ta kontakt ein av dei tilsette som er på vakt.  

Viss du har blitt utskriven, kan du kontakte sentralbordet, avdelinga der du var innlagt på, eller fastlege.    

Om du ønskjer meir informasjon om helsehjelp, rettar, sjukdom eller diagnose kan du lese om dette på https://www.helsenorge.no/sykdom

Kvalitetssikra informasjon om behandling finn du på behandlingssidene våre. 

Kontakt

Døgnopent sentralbord

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Felles akuttmottak ligg i underetasjen til Haugesund sjukehus, i nybygget mot sørvest.

Blir du transportert med ambulanse eller av portør, vil du automatisk bli registrert på akuttmottaket. 

Viss du kjem sjølv, må du gå inn hovudinngangen til Haugesund sjukehus. Deretter går du forbi Narvesen-kiosken og innover gangen i nybygget. Du kan ta heis eller trapp ned til underetasjen. Du må registrere deg i ekspedisjonsluka før du kan kome inn til venteområdet på akuttmottaket.  

Hovudinngangen til Haugesund sjukehus er alltid open. 

A high angle view of a building

Haugesund Hospital

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

Opningstider for ekspedisjon

  • I dag 8:00 AM - 10:00 PM

There are several bus stops close to Haugesund Hospital. 

Route information for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger): NOR-WAY Bussekspress | Kystbussen

Route information for local bus services in Rogaland: Kolumbus AS - public transport in Rogaland

 

 

Praktisk informasjon

Cafeteria

The cafeteria on the 6th floor is available to patients, visitors and staff.

Opening hours

Monday to Friday from 09:30 to 15:30. It is closed on weekends and public holidays.

The patient cafeteria on the 4th and 5th floor is only available for patients.

Many of the wards have their own dining rooms with simple self-service available for patients. Please contact your ward for information.

Kiosk

There is a Narvesen kiosk on the ground floor where you can buy food, sweets, magazines and other items. 

Opening hours

Monday to Friday: 06:30 - 21:00.

Saturday: 09:00 - 20:00

Sunday: 10:00 - 20:00

You can change your appointment up to 48 hours before your scheduled visit. This can be done through helsenorge.no or by contacting us by phone on 52 73 90 00. Our contact centre is open from 07:30 to 15:30. 

On helsenorge.no, you will find information about your appointment in your appointment letter.

The multi-storey car park north of the hospital is reserved for patients and visitors. You must pay a fee to park. 

You can pay by cash or card at the parking machines, or by using the EasyPark app.

There is no number plate recognition at the car park. You must start and stop your parking session yourself using the EasyPark app. 

Prices

The parking fee is NOK 25 per hour. The maximum daily rate is NOK 155.

Haugesund Parkering Drift AS is responsible for managing the car park and the parking areas in front of the main entrance. Any complaints regarding parking fees should be directed to them. Information is available on the parking machines.

Electric vehicle charging

There are three charging points available for electric vehicles. 

Reserved parking

Reserved spaces for disabled parking are located outside the main entrance. Please remember to place the parking permit clearly visible in the windscreen. 

There are reserved spaces for blood donors and dialysis patients in the multi-storey car park. These are marked with dedicated signs. If you are entitled to use these spaces, you will be issued with a parking permit by the department where you receive treatment. 

The pharmacy is located on the ground floor, in the corridor past the reception desk.

Opening hours

Monday to Friday from 08:00 to 16:30.

 

It is not permitted to take photos or videos of other patients or hospital staff. Photos or videos must not be shared on social media without the consent of those shown. 

We ask that you respect the privacy of everyone you encounter during your stay at the hospital, and that you only take photos or videos of your own family and friends.

There are several bus stops close to Haugesund Hospital. 

Route information for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger): NOR-WAY Bussekspress | Kystbussen

Route information for local bus services in Rogaland: Kolumbus AS - public transport in Rogaland

 

 

Please bring any regular medication you take. It may take some time to obtain the same medication from the pharmacy.

Please leave valuables at home. Theft can occur in hospitals.

Bring comfortable clothing and suitable, sturdy footwear. Walking barefoot is not permitted due to hygienic reasons.

Bring toiletries such as a toothbrush, toothpaste, a comb, deodorant and, if needed, an electric shaver. Also bring assistive devices you depend on, for example a walking stick, crutches, wheelchair etc.

Good hygiene is an important factor in ensuring patients receive good care. 

Free wireless internet is available for patients, next of kin and visitors.

How to connect

  1. Select the network gjest.ihelse.net on you PC, mobile phone or tablet.
  2. Open your web browser, enter your phone number, and accept the terms and conditions.
  3. You will receive a user name and password by text message (SMS)
  4. Log in using your username and password

Happy surfing!