We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.

Alkoholproblemer, rus og avhengighetsbehandling

Skadeleg bruk eller avhengnad av alkohol er den hyppigast forekommande ruslidinga i Noreg.

Kva er skadeleg bruk/avhengnad av alkohol?

Skadeleg bruk er når alkohol blir brukt slik at det gir helseskade. Skadeleg bruk er i hovudsak knytt til fysisk og psykisk helseskade forårsaka av alkoholbruk. Skadeleg bruk kan gi helseskadar utan at det treng å ligge føre eit avhengnadssyndrom.

Avhengnadssyndrom er når ei rekke åtferdsmessige, tankemessige og fysiologiske fenomen utviklar seg etter gjentatt alkoholbruk. Det vil seie at du har eit sterkt ønske om å drikke, vanskar med å kontrollere bruken, og du fortset bruk trass i skadelege konsekvensar, auka toleranse og nokre gonger ein fysisk abstinenstilstand. Bruk av alkohol får høgare prioritet enn andre aktivitetar og forpliktingar.

 

Bruk av alkohol kan gi ei kjensle av spenningsreduksjon og avslapping. Verknaden av alkoholen kan gi deg opplevd reduksjon av plager og symptom. Samtidig kan alkohol svekke viktige funksjonar som konsentrasjon, minne, motorisk koordineringsevne, reaksjonsfart og resoneringsevne og kan redusere kontroll og hemningar.

Alkohol er medverkande årsak til meir enn 60 fysiske sjukdommar. Blant desse er høgt blodtrykk, hjerneslag, hjarteinfarkt, ei rekke former for kreft, magesår, nerveskadar, fosterskadar, nedsett immunforsvar og skader på indre organ som lever og bukspyttkjertel.

Dei psykiske skadeverknadene er avhengige av individuell sårbarheit. Nokre personar er spesielt kjenslevare.

Skadeleg bruk eller avhengnad av alkohol blir oftast utvikla over tid. Etter lengre tids drikking kan du få større toleranse for alkohol, og du må drikke større mengder for å oppnå den same effekten. Ved langvarig bruk kan du derimot plutseleg begynne å reagere uventa sterkt på små mengder alkohol. Dette kjem av alvorlege skadar på lever og hjerne.

Små mengder alkohol inneber vanlegvis liten skaderisiko for friske personar. Større mengder aukar derimot risikoen for skadar og ulykker.

Toleranseutviklinga og dei akutte abstinensplagene, som kan vere sterk lyst/sug etter alkohol, manglande evne til å kjenne glede, søvnforstyrringar, angst, forvirring, kvalme og oppkast eller hovudverk, vil forsvinne dersom du er haldande nokre veker.

Alle kan utvikle alkoholavhengnad, men nokon er meir utsette for å bli avhengige av alkohol enn andre. Alkoholavhengnad kjem av ei rekke ulike risikofaktorar – både genetiske og miljømessige. Kontinuerleg drikking over lang tid kan føre til endringar i motivasjons- og påskjønningssystemet av hjernen hos alle. Det finst inga sikker nedre grense for kor mykje og kor ofte du må drikke for å utvikle avhengnad.

Å sette diagnosen skadeleg bruk krev at den aktuelle skaden er påført den psykiske eller somatiske helsa di. Akutt forgifting eller «bakrus» er ikkje i seg sjølv tilstrekkeleg teikn på helseskade til at det kan kallast skadeleg bruk.

Diagnosen blir sett etter samtale mellom deg og legen/behandlaren din. Å sette diagnosen avhengnad kan berre gjerast dersom tre eller fleire av følgande kriterium har hendt samtidig i løpet av det siste året:

Du har:

  • sterk lyst eller kjensle av tvangen til å drikke alkohol
  • problem med å kontrollere inntaket av alkohol, du drikk til feil tid, på feil stad eller for mykje
  • sveitting, skjelvingar, kvalme og søvnløyse ved forsøk på å redusere eller slutte heilt å drikke – fysiske abstinensar
  • utvikla toleranse, slik at du må drikke meir for å oppnå den same effekten som lågare mengder tidlegare gav deg
  • ei kjensle av aukande likegyldigheit overfor andre gleder eller interesser, og bruker meir tid til å drikke alkohol eller komme deg etter alkoholinntak
  • eit ønske om å fortsette å drikke trass i openberre teikn på fysiske, psykiske og sosiale skadelege konsekvensar

Helsedirektoratet anbefaler at kvinner ikkje skal drikke meir enn tre einingar inntil tre gonger per veke, og fire einingar inntil fire gonger per veke for menn.

 

Når det er mistanke om skadeleg bruk eller alkoholavhengnad skal det gjennomførast AUDIT («Alcohol Use Disorder Identification Test»).

AUDIT-skår og grad av tilleggsproblematikk blir beskriven i tilvisinga. I tillegg skal det beskrivast kva konsekvensar alkoholbruken har medført for fysisk og psykisk helse, og dessutan behandlingsbehov.

AUDIT («Alcohol Use Disorder Identification Test»)

Diagram over aktører i avhengighetsbehandling

Milde tilstandar

AUDIT-skår 5–15 for kvinner og 8–15 for menn blir behandla av fastlege.

Moderate tilstandar

AUDIT-skår mellom 16 og 20, og milde tilstandar med fysisk/psykisk tilleggsproblematikk. For unge under 18 år bør ein vurdere faren for alkoholproblematikk som moderat ved ein AUDIT-skår over 7.

  • Ungdom med psykiske vanskar kombinert med overforbruk av alkohol kan få tilbod om behandling ved Barne- og ungdomspsykiatrisk avdeling, BUPA.

  • Ved moderat tilstand bør det opprettast samarbeid mellom fastlege, kommunale tenester og/eller blir tilvist til poliklinikk for rus- og avhengnad ved distriktspsykiatriske senter. Ungdom over 15 år kan også få tilbod ved psykiatrisk ungdomsteam (PUT) ved poliklinikken for rus og avhengnadsbehandling.

Alvorleg tilstand

AUDIT-skår er over 21, og moderate tilstandar med fysisk/psykisk tilleggsproblematikk.

  • Ved alvorlege tilstandar bør det opprettast eit samarbeid mellom fastlege, kommunale tenester og spesialisthelsetenesta.

Pasientar som ikkje blir vurderte å ha nytte av spesialisert rusbehandling, utover planlagde avrusingar, kan få tenester og tiltak frå fastlege og kommunehelsetenesta.

Utgreiing

Kartlegging av alkoholbruk blir gjord med AUDIT, eit kartleggingsskjema som gjeld bruk av alkohol siste 12 månader. Alcohol-E er ei utvida kartlegging som fortel deg om drikkemønsteret ditt og motivasjonen din for endring av alkoholbruk og eventuell behandling.

Kartlegging av alkoholbruk kan gjerast hos fastlege eller i kommunehelsetenesta, eller du kan gjere det sjølv på internett på nettsida til Helsedirektoratet. I tillegg til kartlegging av alkoholbruk er det viktig å kartlegge fysisk og psykisk helse.

Gå til kartleggingsskjemaet www.snakkomrus.no

I spesialisthelsetenesta kan du få tilbod om utgreiing av psykisk helse, og vi vil samarbeide med fastlege eller andre delar av sjukehuset for utgreiing av den fysiske helsa di når det er behov for det.

 

Nedanfor ein noko av dei utgreiingsverktøya spesialisthelsetenesta bruker for utgreiing av psykiske lidingar. Det er du og behandlaren din som vurderer om det er behov for utgreiing og kva verktøy som blir tatte i bruk.

Skjema og kartleggingar er berre hjelpemiddel i kartlegging og utgreiing, og erstattar ikkje møte mellom pasient og behandlar.

  • SCL-90-R
    Test for vurdering av psykiske plager og symptom hos vaksne.
  • I.N.I. – nevropsykiatrisk intervju
    Kartlegg eventuelle psykiske lidingar.
  • MADRS
    Måler omfang og intensitet av depresjonssymptom hos pasienten.
  • PRISM
    Diagnostisk intervju der det blir fokusert på å skilje symptom som kjem av rus og abstinens frå symptom knytte til psykiske tilleggslidingar.

I tillegg kan vi vise til nevropsykologisk utgreiing når det er formålstenleg.

Om du trur at alkoholbruken din er skadeleg, kan både helsestasjon, skole, heimeteneste, barnevern og NAV hjelpe deg med kontakt med fastlege og/eller kommunale helse- og omsorgstenester. Desse tilbyr kartlegging og behandling og kan eventuelt vurdere å tilvise vidare til spesialisthelsetenesta for behandling.

Under

Behandling av skadeleg bruk og avhengnad av alkohol handlar om å lære seg nye måtar å meistre livet utan alkohol. Grunnleggande for all behandling og endringsarbeid er at det er motivasjonen og innsatsen din som er avgjerande.

Dei fleste vil klare å endre overforbruket sitt av alkohol på eigenhand, men nokon har behov for hjelp til endring. Generelt inneber behandling råd og rettleiing, undervisningsgrupper, samtale- og gruppeterapi og vurdering av medikamentell behandling. Fastlege, tenesta i kommunane for rus og psykisk helse og spesialisthelsetenesta tilbyr behandling for alkoholavhengnad.

Samval

For deg som har eit alkoholproblem finst det fleire moglege behandlingar. Kva som er best for deg kan du og helsepersonell kome fram til saman. Dette kallast samval. Å vere med og bestemme er ein rett du har.

Samval inneber at du mottek informasjon om fordelar og ulemper ved dei ulike alternativa. Så kan du saman med helsepersonell sjå desse opp mot kvarandre, ut ifrå kva som er viktig for deg.

Her er tre spørsmål du kan stille din behandlar:

  1. ​Kva alternativ har eg?
  2. Kva fordelar og ulemper er moglege ved desse alternativa?
  3. Kor sannsynleg er det at eg vil oppleve nokre av desse?

Les meir om samval på helsenorge.no

 

Poliklinisk avrusing kan gjennomførast om du ønsker det sjølv og abstinensane blir vurderte å vere milde til moderate, utan fysiske eller psykiske tilleggssjukdommar. Du må vere i stand til å ete og drikke og til å ta legemiddel etter anbefalt dosering og hyppigheit.

Det bør vere dagleg kontakt med pårørande og eventuelt tilsyn frå helsepersonell/heimesjukepleie/fastlege. Ved behov for medikamentell støttebehandling kan lækje på poliklinikk rus- og avhengnadsbehandling gi rettleiing.

Behandlingstilnærming vil vere avhengig av alvorsgrad målt med AUDIT. Alvorsgrad blir delt inn i følgande kategoriar:

  • Mild: Behandling vil i hovudsak tilbydast hos fastlege.
  • Moderat: Behandling blir tilboden hos fastlege, kommunale tenester og poliklinikk for rus og avhengnad ved distriktspsykiatriske senter.
  • Alvorleg: Behandling blir ofte tilboden i samarbeid mellom fastlege, kommunale tenester og poliklinikkane og døgnseksjonen til spesialisthelsetenesta.

Mild tilstand av alkoholbruk kan behandlast av fastlege. Fastlege vil gi deg informasjon om skadelege konsekvensar av alkoholbruk, og råd for korleis du kan redusere eller slutte med alkohol.

Det kan vere eit hjelpemiddel for deg at du tar blodprøver for å vise at du held deg unna alkohol. Ei CDT-blodprøve (Carbohydrate-Deficient Transferrin) blir tatt hos fastlege. Denne er særleg aktuell om du står i fare for å miste eller har mista førarkort fordi du ikkje fyller helsekrava i førarkortforskrifta.

Det blir anbefalt alle som går i behandling for alkoholavhengnad å ta CDT-prøver éin gong pr månad, uavhengig av om du får behandling lokalt i kommunen din eller i spesialisthelsetenesta.

Behandling ved moderat alkoholavhengnad blir gitt av mange aktørar i tillegg til fastlegen.

Kommunane har mange og varierte tilbod som er gratis for deg som brukar. Dei fleste kommunar har tilbod om samtalar både som støtte og terapi, kurs i livs- eller belastningsmeistring, og kan gi råd og rettleiing til deg og dine pårørande. Kommunane kan også hjelpe til med tilrettelegging av tiltak som bustad, sysselsetting og koordinering av behandling og oppfølging. Kommunal helse- og omsorgsteneste kan tilvise deg til spesialisthelsetenesta rus.

Kommunale behandlingstilbod finn du på nettsidene til kommunane eller du kan ringe og snakke med helse- og omsorgstenesta i kommunen din.

Klinikk psykisk helse og rusbehandling tilbyr behandling ved poliklinikkane for rus og avhengnad ved Søndre og Nordre Vestfold distriktspsykiatriske senter. Tilboda ved poliklinikkane kan du lese meir om nedanfor under «Innhald i behandling».

Ungdom med psykiske vanskar kombinert med alkoholoverforbruk kan få tilbod om behandling ved Barne- og ungdomspsykiatrisk avdeling (BUPA). Ungdom over 15 år kan også få tilbod ved psykiatrisk ungdomsteam (PUT) ved poliklinikk for rus og avhengnadsbehandling.

Alvorlege tilstandar av alkoholavhengnad medfører ofte fysiske eller psykiske tilleggssjukdommar. Pasientar med behov for innlegging blir tilbodne avrusing og/eller behandling ved Avdeling for rusbehandling.

Behandlinga av alkoholavhengnad består av kartlegging, behandling og oppfølging. Fasane er dei same hos fastlege, kommune og i spesialisthelsetenesta, om du går i poliklinikk eller er innlagd på døgnavdeling. Varigheit på dei ulike fasane varierer ut i frå kva behov du som pasient har.

I spesialisthelsetenesta blir ulike tilnærmingar brukte i behandling av alkoholavhengnad:

Skrive om ved bruk av underoverskrifter???

  • Psykoedukasjon er undervisning om dei utfordringane og sjukdommar du har. Målet er å gi deg best mogleg innsikt i eigen sjukdom.
  • Individualsamtaler, samtalar mellom deg og behandlar med terapeutisk innhald og struktur.
  • Gruppeterapi, strukturerte samtalar i gruppe med andre pasientar. Blir ofte i tillegg brukt til anna behandling.
  • Motiverande intervju er ein behandlingsmetode med fokus på å auke motivasjonen din til endring av åtferd og rusvanar.
  • Kognitiv terapi er ein behandlingsmetode der du i samarbeid med behandlar jobbar med korleis dine tankar påverkar kjensler og handlingar.
  • Miljøterapi, ei systematisk tilnærming på døgnseksjonar, der målet er å oppnå tryggleik, vekst og utvikling.
  • Medikamentell behandling blir gitt med mål om å lindre abstinensar, førebygge kramper og hindre delirutvikling. Det kan nyttast medisinar i kombinasjon med rådgiving som skal bidra til å halde oppe fråhaldseining frå alkohol, som eksempelvis Antabus og Campral, Selincro.
  • Fysisk aktivitet  

Klinikk psykisk helse og rusbehandling har utarbeidd eit eige gruppebehandlingstilbod til pasientar med alkoholavhengnad.

Behandlinga går føre seg ved poliklinikkane to gonger i veka og varer i 12 veker. Behandlingstilbodet består av undervisning, gruppeterapi og fysisk aktivitet. Pasientar som treng innlegging, får sitt 12 vekers tilbod ved avdeling for rusbehandling. Vi anbefaler behandling i gruppe, da erfaring viser at det har best effekt. Om du ikkje ønsker dette, vil tema frå undervisning givast i individuell terapi.

Behandlinga bygger på motiverande samtalar og kognitiv terapi. Desse metodane er internasjonalt anerkjente og anbefalte i behandling av rus og psykisk helse. Behandlinga er lagd opp med ulike tema kvar veke.

  • avhengnad
  • nettverk
  • kjensler
  • angst
  • positiv livshistorie
  • funksjonen og åtferda til rusen
  • depresjon og søvn
  • kommunikasjon og pårørandeperspektiv
  • skam og tilgiving
  • risikosituasjonar og tilbakefallsførebygging
  • identitetar, interesser, hobbyar og verdiar
  • meistring av oppvekstutfordringar

Vi tilbyr samtalar med pårørande, både vaksne og barn, og det blir jamleg arrangert kurs og grupper for pårørande.

Det kan vere lurt å ha rydda litt i kvardagen og at du set av tid til behandling. Sjølv om det polikliniske gruppetilbodet berre er to gonger i veka vil du erfare at det er krevjande arbeid du skal inn i.

  • Lag deg ei liste over kva som er viktig for deg
  • Tenk over kva som skal vere ditt/måla dine med behandlinga
  • Ver open i forhold til dine næraste om at har starta i behandling

Jo tidlegare du kjem i gang med behandling, jo større moglegheit er det for å lykkast.

 

Oppfølging

Etter gjennomført poliklinisk gruppebehandling for skadeleg bruk og avhengnad av alkohol vil du få tilbod om oppfølging i sjølvhjelpsgruppe.

Oppfølging og rehabilitering skjer i hovudsak i samarbeid med fastlege og den kommunale helse- og omsorgstenesta der du bur, og er avhengig av kva hjelpetiltak du har behov for.

Har du samansette behov som gjer at du treng eit utvida behandlingstilbod etter gruppebehandlinga, vurderer vi dette saman med deg.

Det finst ei rekke organisasjonar som kan tilby deg og dine pårørande hjelp og støtte om de ønsker dette.

Sjå oversikt over organisasjonar innanfor rus og psykisk helse

Sist faglig oppdatert 3/12/2025

Kontakt

  • A row of buildings

    Haugaland DPS

    Floravegen 75

    5535 Haugesund

    Transport

    There is a bus stop close to Haugaland DPS in Haugesund. Search for the stop called "Lysskar" in the journey planner.

    You can find route information at Kolumbus AS - public transport in Rogaland.

    There is free parking for patients and visitors directly outside the building. All marked spaces can be used. Parking is free of charge.

    There is parking for patients and visitors just outside the building. All marked spaces can be used. Parking is free of charge.

    The multi-storey car park north of the hospital is reserved for patients and visitors. You must pay a fee to park. 

    You can pay by cash or card at the parking machines, or by using the EasyPark app.

    There is no number plate recognition at the car park. You must start and stop your parking session yourself using the EasyPark app. 

    Prices

    The parking fee is NOK 25 per hour. The maximum daily rate is NOK 155.

    Haugesund Parkering Drift AS is responsible for managing the car park and the parking areas in front of the main entrance. Any complaints regarding parking fees should be directed to them. Information is available on the parking machines.

    Electric vehicle charging

    There are three charging points available for electric vehicles. 

    Reserved parking

    Reserved spaces for disabled parking are located outside the main entrance. Please remember to place the parking permit clearly visible in the windscreen. 

    There are reserved spaces for blood donors and dialysis patients in the multi-storey car park. These are marked with dedicated signs. If you are entitled to use these spaces, you will be issued with a parking permit by the department where you receive treatment. 

    Praktisk informasjon

    It is not permitted to take photos or videos of other patients or hospital staff. Photos or videos must not be shared on social media without the consent of those shown. 

    We ask that you respect the privacy of everyone you encounter during your stay at the hospital, and that you only take photos or videos of your own family and friends.

    Please bring any regular medication you take. It may take some time to obtain the same medication from the pharmacy.

    Please leave valuables at home. Theft can occur in hospitals.

    Bring comfortable clothing and suitable, sturdy footwear. Walking barefoot is not permitted due to hygienic reasons.

    Bring toiletries such as a toothbrush, toothpaste, a comb, deodorant and, if needed, an electric shaver. Also bring assistive devices you depend on, for example a walking stick, crutches, wheelchair etc.

    Good hygiene is an important factor in ensuring patients receive good care. 

    The hospital grounds are smoke-free.

    Inpatients who require nicotine products can contact the healthcare staff on their ward.

  • Kontakt Stord DPS

    Oppmøtestad

    Stord DPS og BUP (barne- og ungdomspsykiatrisk) held til i lokale som ligg like ved Stord sjukehus.

    Pårørande og besøk

    Pasientar og pårørande - Helse Fonna HF

    Dersom det er særskilde behov for besøk utanom ordinær besøkstid, vil vi – så langt det er mogleg – leggje til rette for besøk eller følgje til pasientar.

    A building with a sign on it

    Stord DPS

    Tysevegen 64

    5416 Stord

    Besøkstider

    • I dag 5:00 PM - 6:30 PM

    Transport

    Kystbussen has a terminal in Leirvik town centre. See NOR-WAY Bussekspress | Kystbussen for route information. From there, local busses run to the hospital and the DPS. Further information about local bus timetables is available at Skyss.no/en.

    Praktisk informasjon

    There is no public pharmacy at the hospital, but there are several pharmacies in and around Leirvik town centre.

    The nearest grocery store is Spar Ådland, Olvikvegen 52, 5416 Stord. It is 1.5 kilometers by car, or a 500 meter walk via the pedestrian path behind the ambulance station.

    It is not permitted to take photos or videos of other patients or hospital staff. Photos or videos must not be shared on social media without the consent of those shown. 

    We ask that you respect the privacy of everyone you encounter during your stay at the hospital, and that you only take photos or videos of your own family and friends.

    Cafeteria

    The public cafeteria is located on the lower ground floor.

    Opening hours

    Monday-Friday: 11:00-14:00.

    It is closed at weekends and on public holidays.

    Please bring any regular medication you take. It may take some time to obtain the same medication from the pharmacy.

    Please leave valuables at home. Theft can occur in hospitals.

    Bring comfortable clothing and suitable, sturdy footwear. Walking barefoot is not permitted due to hygienic reasons.

    Bring toiletries such as a toothbrush, toothpaste, a comb, deodorant and, if needed, an electric shaver. Also bring assistive devices you depend on, for example a walking stick, crutches, wheelchair etc.

    Good hygiene is an important factor in ensuring patients receive good care. 

    Parking

    • Parking for patients and visitors is located close to the hospital. You must pay a fee to park. 
    • The car park uses automatic number plate recognition. You will receive an invoice from ParkPay after exiting.

    Prices

    • NOK 25 per hour
    • Maximum per day: NOK 155

    You may drive up to the main entrance to drop off passengers if needed.

    Betalingsalternativer – ParkPay (in Norwegian only)

    Blood donors

    Reserved parking spaces are available near the main entrance.

    Dialysis patients

    Dialysis patients have free parking. Please inform dialysis staff on arrival to be registered.

    The hospital grounds are smoke-free.

    Inpatients who require nicotine products can contact the healthcare staff on their ward.