Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
To sjukepleiarar som går i korridoren

Om oss

Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, tre distriktspsykiatriske senter (Haugaland, Stord og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.

Våre hovudoppgåve​​​​​r er 

Vår visjo​​n

Vi skal fremme helse, meistring og livskvalitet.

Våre ​​verdiar

Respekt i møte med pasienten. Kvalitet i prosess og resultat. Tryggleik for tilgjengelegheit og omsorg

Våre mål​

Trygge og nære helsetenester. God samhandling og effektiv ressursbruk i heile pasientforløpet. Aktiv pasientdeltaking og heilskapleg behandling. Ein framtidsretta og innovativ kompetanseorganisasjon

Visjon, verdiar og mål i den regionale strategien Helse 2035 er felles for alle føretaka i Helse Vest RHF og gjeld i heile planperioden. Dei peiker ut retninga for korleis Helse Fonna HF skal utvikle seg innan gitte rammer i nasjonale, regionale og lokale planverk, lovar, forskrifter og styringskrav.

Les Helse20​​35

Utviklingsplan​​

Helse Fonna har ein utviklingsplan som viser korleis vi skal skape pasienten si helseteneste gjennom god og framtidsretta pasientbehandling og god bruk av ressursar.

Les Utviklingsplan for Helse Fonna HF

Helse Fonna har ein eigen overordna miljøpolitikk og miljømål​

Helse Fonna HF skal legge til rette for miljøvennleg drift av helseføretaket. Miljøstyringssystemet skal sikre at lovar og forskrifter samt interne krav blir etterlevd. 

Vi skal kontinuerleg arbeide for å betre våre miljøprestasjonar. Miljøaspektet skal prioriterast høgt både i drift, innkjøp og investeringar.

Helse Fonna ​HF skal til ei kvar tid ha fokus på sine miljøområde

  • Utslepp (luft, vatn og jord)
  • Forbruk av ressursar (forbruksmateriale)
  • Avfall (redusere avfallsmengde)

​Miljømål

  • Redusere føretakets utslepp av CO2
  • Auke av kjeldesortert avfall
  • Redusere ressursforbruket
  • Auke bruk av økologiske matvarer
  • Førebygge utslepp gjennom avløp.
Sist oppdatert 23.06.2023