Tid og stad
- Når
-
- 17. mars 2026, 17:00 - 19:30
- 24. mars 2026, 17:00 - 19:30
- 08. apr. 2026, 17:00 - 19:30
- 14. apr. 2026, 17:00 - 19:30
- 21. apr. 2026, 17:00 - 19:30
- Arrangør
- Ta kontakt med oss på telefon eller e-post dersom du har spørsmål eller ønskjer å melde deg på. Sjå kontaktdetaljer nedst på sida.
- Kvar
-
Breidablikkgata 55
5528 Haugesund
- Kart - Breidablikkgata 55
Om tilbodet
Teamet for læring, meistring og recovery i Klinikk for psykisk helsevern og rus har samtalegrupper med eit helsefremmande fokus, der pårørande kan møtast og dele erfaringar.
Tilbodet går over fem veker og er gratis.
Samlingane blir arrangerte på ettermiddagstid og gjeld for pårørande i Haugesund og omliggande kommunar.
Om samlingane
Samlingane blir samskapte mellom gruppeleiarane og deltakarane. Dialogen i gruppa blir leia av ein fagperson og ein erfaren pårørande.
Hovudtema for samlingane er:
- Kva behov har eg som pårørande?
- Kjensler – gode og vanskelege dagar
- Grenser og medavhengigheit
- Kva med oss? Kor kan eg få hjelp? Informasjon om pårørandeorganisasjonar og andre nyttige nettverk
- Efaringsinnlegg