Hofteplager
Det er mange ulike årsaker til hofteplager. Vanlege årsaker er smerter frå muskulatur og sener på yttersida av hofta, hofteleddsartrose eller smerter som har samanheng med ryggplager.
Det finst fleire behandlingsmoglegheiter, som til dømes fysioterapi, eigentrening, legemiddel og nokre gonger operasjon.
Smerter frå senefeste og muskulatur i hofte og bekken går ofte over av seg sjølv, men i nokre høve varer plagene over lengre tid, og du kan ha nytte av enkle øvingar som du gjer kvar dag.
Om du har mykje smerter, kan smertebehandling med medisinar vere aktuelt i ein kort periode.
Utgreiing
Du vil få ei grundig undersøking hos lege ved første polikliniske konsultasjon. Undersøkinga skal gje deg ei god forklaring på kvifor du har smerter i hofta. I nokre høve treng ein også å ta bilete av hofta, som til dømes ultralyd, røntgen eller MR.
Behandling
Dei fleste hofteplager skal behandlast med informasjon, råd og øvingar. Du vil få informasjon om tilstanden, forventa forløp og kva du kan gjere sjølv. Trening med rettleiing av fysioterapeut er godt dokumentert ved fleire av desse tilstandane. Rettleiia trening går ut på å korrigere rørslemønster og gje øvingar for å styrkje muskulatur og sener.
Tilrettelegging av arbeid kan vere aktuelt i ein periode om du har mykje smerter. Når behandling ikkje gjev forventa betring av smerte og funksjon, kan vurdering av kirurg vere aktuelt.
Oppfølging
Dei fleste pasientane blir betre med behandling i løpet av 6 til 12 veker.