Rygg- og nakkeplager
Smerter i nakke og rygg kan ha ulike årsaker. I dei fleste tilfelle kan vi ikkje slå nøyaktig fast kvar smertene kjem frå, eller korleis dei oppstår. Derfor blir dei vanlegaste smertene kalla uspesifikke.
Utgreiing
Du vil bli grundig undersøkt av lege ved første polikliniske konsultasjon. I løpet av denne undersøkinga vil funksjon og rørsleevne av nakke og rygg bli testa. Det vil også bli gjort ei undersøking av nervesystemet.
Ved behov blir det gjort ei tverrfagleg vurdering saman med fysioterapeut. I enkelte tilfelle vil vi gjere supplerande undersøkingar som MR.
Trygg Rygg
I vårt tilbod “Trygg Rygg” vil du få individuell oppfølging hos fysioterapeut med fokus på råd og vegleiing for å kome tilbake til normal aktivitet.
Ryggplager går som oftast over av seg sjølv, men kan enkelte gonger bli langvarige. Hos oss vil du få meir kunnskap om ryggen, og saman kan me jobbe med å finne gode tiltak som passar for deg.