Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Barn og ungdom, sengepost

Skal barnet ditt leggjast inn på sjukehuset?

Før de kjem

Barnet vil få ei innkalling via sms og/eller brev på Helsenorge – din helse på nett - Helsenorge.

Det er ein forelder som får følgje barnet og vere til stades under heile opphaldet. Denne får seng ved sidan av barnet og alle måltid på sjukehuset. Foreldre kan byte undervegs i opphaldet dersom de ønskjer det. Om ein likevel vel å kome to foreldre, må den andre forelderen sjølv finne seg ein plass å overnatte. Grunnlaget for denne bestemminga er brannvern, smittevern og romkapasitet. Sysken og den andre forelderen kan kome på besøk, helst om ettermiddagen. 

Ta med klede for opphaldet. Dersom barnet bruker faste medisinar og/eller spesialkost må dette også takast med, dette gjeld til dømes morsmjølkerstatning, sondemat og næringsdrikker (inkludert utstyr). Annan kost som til dømes glutenfritt, laktosefritt vil barnet få på sjukehuset. Hugs å opplyse om allergiar når barnet blir lagt inn.

Førebu barnet

Før de kjem kan det vere lurt å førebu barnet på at det kanskje må ta blodprøvar og målingar av høgde, vekt med meir. 

Transport

De kan få dekka transport til og frå sjukehuset dersom:

  • reisa er over 10 km, eller
  • reisa går over fleire takstsoner

De må sjølve søke om dette.  

Reise til disse behandlingene dekkes - Helsenorge  

Parkering

Du må sjølve betale for parkering. Det kan derfor bli kostbart å parkere på sjukehuset over lengre tid. Sjukehuset har også avgrensa parkeringskapasitet.

Det finst rimeligare parkeringsmoglegheiter:

  • Flotmyr Sør ligg rett overfor Haugesund Stadion.
  • Døgnprisen der er vesentleg rimeligare enn på sjukehuset.
  • Flotmyr Sør er om lag ti minuttar å gå frå sjukehuset.

Vi oppfordrar til å bruke kollektivtransport.

Du kan også sjå andre parkeringsmoglegheiter i Haugesund sentrum: P-kart - Haugesund Parkering

Når de kjem

Ta kontakt med oss

Når de kjem til avdelinga, ta kontakt med personalet på vaktrommet.

Ein sjukepleiar eller helsefagarbeidar vil ta i mot dykk og eventuell gjere målingar av barnet (til dømes vekt, høgde og blodtrykk).

Etter kvart vil ein lege undersøkje barnet.  

Førebu dykk på å vente

Dei sjukaste pasientane blir prioriterte først. Det kan derfor bli ein del venting før de får snakke med lege og sjukepleiar.

Rekn med å vere på sjukehuset heile dagen, sjølv om de har fått oppmøtetid. Dette er fordi avdelinga også har inneliggjande pasientar og pasientar som treng augeblikkeleg hjelp. 

Rom

Romtypar og prioritering

Nokre av romma våre er fleirmannsrom, andre er einerom. Pasientar som er isolerte eller svært sjuke blir prioriterte for einerom. Dersom du får eit einerom, kan det oppstå akutt behov for flytting til fellesrom. Vi gjer vårt beste for å legge til rette for at dei som deler rom, går godt saman.

Foreldreseng og sengeklede

Foreldresenga står ved sidan av barnet sin seng. Du har sjølve ansvar for å legge på sengeklede. Ved utreise skal sengeklede takast av senga.   

Orden og reinhald

Hald rommet ryddig under heile opphaldet. Ta servisedeler med tilbake i kantina, eller sett dei på tralla som står på kjøkkenet. Dersom de er isolerte, skal servisedelane samlast og hentast av personalet etter behov.  

Mat under sjukehusopphaldet

Det er berre barnet som er innlagt og éin føresett som får mat på sjukehuset. Dersom andre i familien har behov for mat, kan dette kjøpast i kantina i 6. etasje eller hos Narvesen i 1. etasje.

Dersom barnet ikkje er isolert, skal de ete i pasientkantina i 3. etasje. Hugs å gå dit i god tid før stengjetid – mat kan berre hentast i opningstida.

Dersom barnet er isolert, får de mat servert på rommet til faste tider (i kantina si opningstid). 

Sjøvbeteningskjøkkenet på sengeposten skal berre brukast i nødsituasjonar. 

Opningstider pasientkantine i 3. etasje

  • Frukost: kl. 08.00–09.30 
  • Lunsj: kl. 11.30–13.00 
  • Middag: kl. 14.15–15.45 
  • Kvelds: kl. 18.30–19.30  

Opningstider Narvesen kiosken i 1. etasje

  • Måndag-fredag: kl. 06.30–21.00 
  • Laurdag: kl. 08.30–20.00 
  • Søndag: kl. 10.00–20.00  

Eigne opningstider på heilagdagar.

Opningstider kantine i 6. etasje

Måndag-fredag kl. 09.30–15.45

Tilgang til internett

Tråddlaus nettverk er gratis for pasientar, pårørande og besøkande.

  • Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
  • Opne nettlesaren, fyll inn telefonnummer og godta vilkåra
  • Brukarnamn og passord blir sendt til deg på SMS
  • Legg inn brukar og passord

Apple TV og Playstation  

Vi har Apple TV på alle rom, og Playstation på enkelte rom. Desse kan de bruke fritt.

Du må sjølv logga deg på dine eigne kontoar (Netflix, PS med meir). Hugs å logge deg av når du reiser heim. Innlogging skjer på eige ansvar.  

Sjukehusklovnar

Vi har sjukehusklovnar som kjem til oss to gonger i månaden. Om barnet ditt er isolert eller ikkje kan gå ut av rommet, kan klovnane komma inn til dykk og stå i døra.

Vi anbefaler at også ungdommar mottar tilbodet om klovnar. 

Sykehusklovnene verdens beste reseptfrie medisin 

Sosionomteneste

På sjukehuset har vi sosionomar som kan gi råd og rettleiing knytt til livssituasjonen din – for eksempel arbeid, økonomi, familie og kvardagsliv. Dei kan også informere om trygde- og sosiale rettar.

Sosionomen kan ha samtalar med pasientar og pårørande om kjenslemessige reaksjonar som sjukdom og ulukke kan føre med seg, som sorg, krise og endringar i familien.

Dersom du ønskjer å snakka med ein sosionom, kan du be sjukepleiaren eller helsefagarbeidaren som har ansvar for barnet ditt om å hjelpe til med dette.  

Skule

Det er ønskeleg at barn mistar minst mogleg undervisning når dei er sjuke. Barn i skulealder har rett til spesialpedagogisk hjelp når dei er på sjukehuset. Ved barne- og ungdomsavdelinga jobbar det to lærarar. Dei tek kontakt dersom det er aktuelt med undervisning for barnet ditt.

Heimreise

Når de reiser, skal rommet ryddast heilt. Foreldra må ta av sengetøyet, og samle saman søppel og pant. 

Pleiepengar

Foreldre som følgjer barn på sjukehuset har rett på pleiepengar. De må sjølve søke om dette. Hugs å spørre om dokumentasjon på innlegging frå legen i god tid før avreise, dersom de treng pleiepengar. 

Pleiepenger for sykt barn - nav.no 

Transport heim

De kan få dekka transport til og frå sjukehus dersom reisa er over 10 km, eller om reisa går over fleire takstsoner. De må sjølve søke om dette.  

Reise til disse behandlingene dekkes - Helsenorge 

Dersom de kjem til sjukehuset med ambulanse, dekker ikkje sjukehuset taxi heim. Det går bussar frå sjukehuset og frå Flotmyr. Kystbussen stopper av og til utanfor sjukehuset. Sjukepleiarar eller helsefagarbeidarar har ikkje ansvar for å sjekke reiseruter for dykk dette må de ordne sjølve.

Sjå Kolumbus si reiseplanlegging: Kolumbus AS - mobilitet i Rogaland 

Sist oppdatert 10.11.2025