Barn og ungdom, poliklinikk
Kronisk forstopping hos barn
Kronisk forstopping er ufarlig og svært vanleg hos barn og ungdom. Sjølv om tilstanden ikkje er farleg, kan ho gi betydeleg ubehag.
Avføringslekkasje er mindre vanleg, men kan førekomme ved forstopping. Desse tilstandane kan behandlast, som regel med godt resultat.
Underliggjande årsaker som stoffskiftesjukdom eller cøliaki er sjeldne, og blir vanlegvis utelukka med blodprøver.
Utanom blodprøver, vanleg legeundersøking og ei god sykehistorie, er det sjeldan behov for vidare utgreiing.
Fordøyingsprosessen
Fordøyinga startar i munnen. Maten går gjennom spiserøyret og ned i magesekken, der ho blir blanda med væske og fordøyingssaft. Deretter blir ho ført vidare til tynntarmen.
Tynntarmen tek opp det meste av næringsstoffa. Det som ikkje blir teke opp her, går vidare til tjukktarmen.
Tjukktarmen fjernar væske frå avføringa og fører væska tilbake til kroppen.
Årsaker til kronisk forstopping
Årsakene kan vere fleire:
Nokre barn har naturleg langsom passasje gjennom tarmen. Då blir meir væske trekt ut, og avføringa blir for kompakt.
Andre barn held igjen, bevisst eller ubevisst – ofte fordi leik og aktivitet blir viktigare enn toalettbesøk.
Når avføringa blir liggjande for lenge i tjukktarmen, blir ho hard, klumpete og vanskeleg å få ut. Dette fører ofte til smerter, som igjen gjer at barnet vegrar seg for å gå på toalettet.
I endetarmen varslar nerveceller hjernen når det er tid for å gå på do. Dersom barnet lenge har oversett desse signala, kan varselet bli svakare. Då kan barnet miste kjenninga av avføringstrang.
Samtidig kan tynnflytande avføring sive forbi dei harde knollane og gi uhell i trusa.
Behandling
Behandling krev god planlegging i familien, tid til oppfølging, fokus og tolmod.
Det er viktig at barnet eller ungdommen forstår behandlinga og er motivert.
Behandlingstida er lang – som regel minst 4–6 månader, og nokre barn treng behandling i fleire år.
Ikkje-medisinsk behandling
Det viktigaste er å følgje med på avføringsfrekvens og konsistens. Avføringsmiddel er berre eitt av fleire hjelpemiddel.
Det tek lang tid å få god effekt dersom barnet held igjen, ikkje tar seg tid til å gå på do eller er vanskeleg å få til å ta medisinen.
Toalettvaner
Gode toalettvaner er det viktigaste tiltaket for å lykkast med behandlinga. Regelmessige, ubehagefrie tømmingar hjelper kroppen å finne tilbake til normal funksjon. Endetarmen blir etter kvart mindre utvida, og nervene sender signal til hjernen slik dei skal.
Vi anbefaler:
- Toalettbesøk etter måltid, særleg etter frukost (gastrokolisk refleks). Tarmen er som regel klar for å tømme seg etter eit måltid. Denne refleksen er som regel mest aktiv etter frokost.
- Dersom det er lite tid om morgonen, bruk faste tidspunkt etter middag eller kvelds.
- Ha fast rutine kvar dag.
- Ha gjerne føtene på ein krakk og lett framoverbøygd sittestilling. Dette rettar ut endetarmen og gir betre tømming.
- Barnet skal sitje 5–10 minutt, også utan avføringstrang.
- Avleiing, som bok, kan vere nyttig.
- Belønningssystem kan auke motivasjonen.
Kost og drikke
Vi anbefaler:
- Eit fiberrikt kosthald med fullkornsprodukt, frukt, grønsaker, grovbrød, kornblanding og grøt.
- Fine kornprodukt (loff, vanleg pasta og ris) bør brukast minst mogleg.
Sjokolade og kakao har ein stoppande effekt og bør avgrensast.
Barnet bør ha normalt væskeinntak.
Drikk ikkje meir enn 1–2 glas mjølk dagleg, då mjølk kan verke forstoppande.
Det kan vere ein fordel å bytte ut mjølk med syrna mjølk som Biola eller yoghurt, dersom barnet likar det.
Medisinsk behandling
Målet er:
- mjuk, tannkremliknande avføring
- daglege tømmingar (eller annakvar dag)
- rikeleg mengde kvar gong
- smertefrie toalettbesøk minst annakvar dag
- at barnet kjenner avføringstrang når tarmen er full
Tømming
Ved kraftig forstopping må tjukktarmen tømmast først. Dette blir vanlegvis gjort med Movicol hos barn over 2 år.
Nokre gonger kombinerer ein Movicol med klyster; dette blir vurdert individuelt i samråd med dykk.
Tømmingsdosen er som regel dobbelt så høg som vedlikeholdsdosen.
Vedlikehaldsbehandling
Det finst fleire medisinar som brukast ved behandling av forstopping. Dei vanligaste har vi ført opp her.
Doseringa varierer frå barn til barn.
Avføringa skal vere mjuk og forma, som tannkrem.
Doseringsforslag:
Movicol
- Movicol er det mest brukte middelet.
- Det kjem som pulver som blandast i vatn, juice eller Biola.
- Det verkar ved å binde væske og mjuke opp avføringa.
- Movicol er ikkje vanedannande og kan brukast trygt i fleire år om nødvendig.
- Det er merka for korttidsbruk fordi det er reseptfritt – for å hindre at pasientar behandlar seg for lenge utan medisinsk vurdering.
- Spedbarn kan også trygt bruke Movicol, men då skal underliggjande årsaker alltid vere utelukka.
- Smaken kan opplevast søt og salt, og mange føretrekker han betre i Biola.
Vanleg dose:
- Spedbarn og barn opp til ca. 30 kg: ¼–1 pose dagleg
- Over 30 kg: ½–2/3 pose dagleg
Til tømming brukast dobbel dose. Målet er diaréliknande avføring i tre dagar før ein trappar ned til vedlikehaldsbehandling.
NB: Forskjellen mellom Movicol junior og Movicol er smaken og mengde pulver per dose. Movicol junior inneheld halv dose samanlikna med Movicol. Dosene nevnt ovanfor er for Movicol. Dersom de brukar Movicol junior, må dosane doblast tilsvarande.
Laktulose
Laktulose er ein sukkerart som ikkje blir teken opp i kroppen, men som bind væske i tarmen liknande Movicol.
Det er trygt å bruke Laktulose over tid dersom det er nødvendig. Vanlege biverknader er luft og magesmerter.
Vanleg dagsdose:
- 0–2 år: 5 ml × 2
- 2–3 år: 10 ml × 2
- 3–7 år: 15 ml × 2
- Over 7 år: 20 ml × 2
Behandlinga blir justert etter konsistensen på avføringa. Dosar opp mot 2 ml per kilo kroppsvekt er akseptable.
Doser over 40–50 ml per dag gir ofte kolikk eller magesmerter.
Tømming blir gjort på same måte som beskrive under Movicol:
Auk dosen til barnet får diaré i 2–3 dagar, før de trappar ned til vedlikehaldsdose.
ViSiblin
Når tarmen har kome i gang igjen, kan ein også prøve ViSiblin, som er eit naturleg fibermiddel. Fiber bind væske i tarmen og gir mjukare avføring.
ViSiblin blir vanlegvis blanda ut i valfri væske og får ein geleaktig konsistens, som ikkje alle barn toler.
Alternativt kan det rørast inn i yoghurt. Då er det svært viktig å drikke rikeleg ved sidan av, fordi fiber utan nok væske kan gi forstopping.
Doser:
- Barn 2–6 år: ½ dosepose × 2
- Barn over 6 år: 1 dosepose × 2
Behandlingstid
- Vi anbefaler vanlegvis ei behandlingstid på minst 3 månader. I denne perioden skal barnet eller ungdommen ha hatt vedvarande og god effekt før ein prøver å trappe ned.
- Nedtrappinga skal skje langsomt og gradvis over 2 månader.
- Ved nye symptom på forstopping trappar ein raskt opp igjen.
- Total behandlingstid er som regel 4–6 månader, men kan vere mykje lengre.
- Den viktigaste suksessfaktoren er kor godt barnet/ungdommen og familien følgjer opp tiltaka i kvardagen.