Barne- og ungdomsavdelinga, Haugesund sjukehus
Forstopping (obstipasjon) hos barn - tilvising
Når bør du tilvise til barnelege på sjukehuset?
Barn med ukomplisert forstopping har ifølgje Helsedirektoratet si prioriteringsrettleiing i pediatri ikkje rett til helsehjelp i spesialisthelsetenesta. Derimot kan du tilvise dersom:
- forstoppinga er uttalt og behandlingsresistent, eller
- det finst ufrivillig avføring.
Kva bør vere med i tilvisinga til barnelege?
- Anamnese
- Resultat frå klinisk undersøking
- Tilvekst, inkludert vekt.
- Trivsel og fungering
- Kva tiltak som er forsøkt, og kva doser og tidsperioden for medikament som er gitt
- Om foreldra har klart å følgje opp behandlingsråda
- Kva du forventar av utgreiinga hos barnelege: råd, vidare tiltak eller second opinion?
- Arvelege mage- og tarmsjukdomar eller autoimmun sjukdom
- Svar på blodprøver (inkludert glutenantistoff) og kalprotektin.
Kva kan du forvente etter at barnet har vore hos barnelege?
Det er sjeldan behov for bildediagnostikk eller fleire blodprøver enn dei som allereie er tatt i primærhelsetenesta ved denne tilstanden.
Forløp
Barn med funksjonell forstopping blir ofte bra i løpet av månadar, men mange treng mjukgjerande avføringsmiddel i fleire år.
Hugs individuell søknad om blå resept for makrogol og andre laksantia ved behov for behandling i meir enn 3 månadar.
Sjå også informasjon om obstipasjon i den generelle rettleiaren til Legeforeningen.
Treng du meir informasjon?
For meir detaljert informasjon og råd til fastlegar, sjå anbefalingar frå Norsk forening for allmennmedisin (NFA) og Barnelegeforeningen: 4 Forstoppelse (obstipasjon) hos barn - Helsebiblioteket