Barne- og ungdomsavdelinga, Haugesund sjukehus
Hodepine hos barn og ungdom
Når bør du tilvise til barnelege på sjukehuset?
- Alltid ved mistanke om underliggjande sjukdom (patologi)
- Hyppige migreneanfall som ikkje har effekt av NSAID, paracetamol eller eventuelt triptanar
- Komplisert migrene (for eksempel ledsaga av lammingar eller krampar)
- Sekundær hodepine som ikkje kan følgjast opp av fastlege
Kva bør vere med i ei tilvising til barnelege?
- Generell anamnese og hodepineanamnese, inkludert opplysningar om søvn, mat, drikke, skjermbruk, fysisk aktivitet, psykososiale faktorer og skulefråvær
- Arvelege sjukdomar i familien
- Varigheita av symptoma
- Faktorar som forverrar eller eventuelt lindrar plagene
- Klinisk undersøking (blodtrykk (BT), puls, vekt og høgde, hudfunn, nevrologisk status, synsfelt og synsundersøking)
- Svar på eventuelle prøver og bildediagnostikk
- Opplysningar om medikamentbruk og effekt/manglande effekt. Har annan behandling vore prøvd?
Kva kan du forvente etter at barnet har vore hos barnelege?
- Det blir laga ein plan for vidare oppfølging. Mykje av dette kan gjerast i primærhelsetenesta.
- Behandling av medikamentoverforbrukshodepine er bråseponering. Dette kan gi forbigåande auka hodepine i eit par veker før betring, og krev tettare kontakt med fastlegen.
Forløp
Dei fleste hodepiner blir betre med adekvate tiltak, men det kan ta tid.
Treng du meir informasjon?
For meir detaljert informasjon og råd til fastlegar, sjå anbefalingar frå Norsk forening for allmennmedisin (NFA) og Barnelegeforeningen: 1 Hodepine hos barn og ungdom – Helsebiblioteket
Sist oppdatert 23.02.2026