Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Barne- og ungdomsavdelinga, Haugesund sjukehus

Magesmerter hos barn

Når bør du tilvise til barnelege på sjukehuset?

Ved mistanke om anna årsak enn funksjonelle magesmerter, eller ved stort funksjonstap på grunn av mistenkt funksjonell tilstand.

Kva bør vere med i tilvisinga til barnelege?

  • Anamnese (grundig skildring av kliniske symptom og om det finst alarmsymptom).
  • Kva du mistenkjer, og kva som er bestillinga til barnelege
  • Resultat av klinisk undersøking
  • Resultat av tilleggsundersøkingar (blod, urin, kalprotektin)
  • Tilvekst
  • Trivsel og fungering
  • Kva tiltak som er forsøkt
  • Arvelege mage-/tarmsjukdomar eller autoimmun sjukdom i familien

Kva kan du forvente deg etter at barnet har vore hos barnelege?

For dei aller fleste, også blant dei som blir tilvist til spesialist, skuldast ikkje magesmertene nokon underliggjande sjukdom. Dersom klinisk undersøking, anamnese eller prøver ikkje gir mistanke om sjukdom, er det som regel ikkje behov for meir utgreiing eller oppfølging hos barnelege.

Forløp

Dei fleste barn der mistanken om fysisk årsak til magesmerter er liten, kan følgjast opp av fastlegen. Dei fleste blir bra innan nokre år.

Treng du meir informasjon?

For meir detaljert informasjon og råd til fastlegar, sjå anbefalingar frå Norsk forening for allmennmedisin (NFA) og Barnelegeforeningen: 3 Magesmerter hos barn og ungdom - Helsebiblioteket

Sist oppdatert 23.02.2026