Barne- og ungdomsavdelinga, Haugesund sjukehus
Ufrivillig vasslating (inkontinens) hos barn
Når bør du tilvise til barnelege på sjukehuset?
- Mistanke om underliggjande sjukdom (patologi)
- Ingen betring etter minst eitt år med tiltak
- Ifølgje Helsedirektoratet si prioriteringsrettleiing: Barn med daginkontinens over 6 år og barn med enurese over 10 år kan vurderast tilviste
- Obstipasjonsbehandling må vere tilstrekkeleg forsøkt. Det bør vere dagleg avføring med konsistens som tannkrem. Sjå eige skriv om behandling av forstopping hos barn frå den norske legeforening.
Kva bør vere med i tilvisinga til barnelege?
- Skildring av inkontinensproblematikk og type symptom
- Allmenntilstand
- Resultat frå følgjande undersøkingar:
- Høgde og vekt (percentilskjema)
- Organstatus og orienterande nevrologisk undersøking, inkludert sakralområdet og genitales.
- Palpasjon av abdomen
- Inspeksjon av genitalia (obs. fimose hos gutar) og sakralområdet (sjå etter flekker med behåring og sakrale hudsøkk/«dimples»).
- Urinstix
- Vurder orienterande nevrologisk undersøking (sensibilitet perianalt, refleksar i underekstremiteter).
- Kva tiltak som er forsøkt
- Tilvekst
Kva kan du forvente etter at barnet har vore undersøkt hos barnelege?
Barnelegen vil undersøke om det er ein medisinsk (somatisk) årsak. Deretter blir det laga ein plan for behandling og ei skisse for korleis fastlegen og eventuelt barnelege kan følgje opp pasienten vidare.
Forløp
Dei aller fleste blir bra, men det kan ta tid.
Treng du meir informasjon?
For meir detaljert informasjon og råd til fastlegar, sjå anbefalingar frå Norsk forening for allmennmedisin (NFA) og Barnelegeforeningen: 2 Ufrivillig vannlating (inkontinens) hos barn - Helsebiblioteket
Sist oppdatert 23.02.2026