Viktig informasjon til deg som ha fått tildelt behandlingshjelpemiddel
Her har vi samla viktig og nyttig informasjon til pasientar som har fått tildelt behandliingshjelpemiddel frå Helse Fonna.
Kva gjer eg når eg skal bestille utstyr og/eller forbruksmateriell?
Då tek du kontakt med oss i avdelinga for behandlingshjelpemiddel.
Vi treng minst to dagar for å behandle bestillinga di av utstyr eller forbruksmateriell. I tillegg kjem postgangen, som kan ta 4-14 dagar. Hugs derfor å bestille i god tid når du begynner å gå tom, og seinast 14 dagar før.
Vi ønskjer som hovudregel at du tek kontakt med oss via Helsenorge.no – både for bestilling av forbruksmateriell, timebestillingar og andre førespurnader.
Dersom du treng å snakke med oss, kan du – via pasientdialogen på Helsenorge.no – be om å bli oppringt. Du finn pasientdialogen her: Se dine helsekontakter på Helsenorge - Helsenorge. Når du har logga deg inn, går du til Andre kontakter i primær- og spesialisthelsetjenesten – Helsefaglig kontakt, Beh.hjelpemidler.
Dersom det er vanskeleg for deg å bruke hHelsenorge.no, kan du ringe oss.
Korleis får eg forbruksmateriellet heim?
Vi sender som hovudregel forbruksmateriellet som servicepakke via Bring. Det betyr at du får melding om å hente sendinga på næraste hentestad.
Vi har ikkje moglegheit for å påverke kva for hentestad Bring brukar. Har du spørsmål om sendinga, må du kontakte Bring kundeservice.
Vi sender forbruksmateriell for inntil tre månaders forbruk, men dette kan variere frå sak til sak.
Får eg utstyret til odel og eige?
Nei, det medisintekniske utstyret er berre til utlån. Sjukehuset eige utstyret/apparata.
Ved avslutta behandling eller ved endring av utstyr i behandlinga skal utstyret returnerast til oss (Behandlingshjelpemiddel).
Kven har ansvar for å returnere utstyret?
Det er det du som låntakar som har ansvar for å returnere utstyret. Forbruksmateriell skal ikkje returnerast.
Ver merksam på at du kan bli økonomisk ansvarleg dersom medisinteknisk utstyr ikkje blir returnert.
Kva gjer eg dersom eg flyttar og må bruke eit anna helseføretak?
Dersom du flyttar til ei adresse som høyrer inn under eit anna helseføretak, for eksempel Helse Stavanger, kan du ta utstyret med deg.
Vi treng berre beskjed, slik at vi kan avslutte den gamle låneavtalen og flytte utstyret over til rett helseføretak.
Kven har ansvar for vedlikehald og service på utstyret?
Helse Fonna er ansvarleg for vedlikehald og nødvendig service på utstyret du låner.
Dersom det oppstår feil, kan du kontakte oss via Helsenorge.no, eller eventuelt ringe oss på 52 73 46 50.
Vi har telefontid måndag – fredag kl. 09-11 og 12-14.
Kva gjer eg dersom eg er i utlandet?
Ifølgje spesialisthelsetenesteloven § 1-2, har helseføretaket ansvar for behandling som blir tilbydd, eller ytt i Noreg.
Vi kan derfor ikkje ta ansvar dersom du tek behandlingsutstyret med ut av landet.
Oppheld du deg i utlandet, kan vi ikkje sende deg forbruksmateriell eller delar til utstyret.
Kva lovverk gjeld for behandlingshjelpemiddel?
Tildeling av behandlingshjelpemiddel er ein del av helsehjelpa etter pasient- og brukarrettslova §2-1 om rett til nødvendig helsehjelp.
Utstyr og forbruksmateriell blir kjøpt inn av Helse Fonna og lånt/levert ut til pasientar når ein spesialist har vurdert at det er behov.
Vi gjer merksam på at ikkje alle typar forbruksmateriell blir dekka av helseføretaket.
Korleis kontaktar eg Behandlingshjelpemiddel?
Du kan nå oss på telefon 52 73 46 50 måndag – fredag kl. 09-11 og 12-14.