


Under 2 år
Barn under 2 år skal ikkje bruke skjerm i det hele teke.
2-5 år
Mellom 2 til 5 år anbefalast maksimum éin time skjerm kvar dag.
Over 5 år
Barn over 5 år skal avgrense passiv skjermbruk.

0-2 år
Barn 0-2 år bør ikkje vere på handhalde skjerm i det hele teke.
Barn 0-2 år bør berre sjå på tv saman med en vaksen eller eldre søsken – dersom dei skal ha skjermtid.
Spill og appar som aktiverer belønningssystemet i hjernen må ikkje brukast i alderen 0-2 år.
2-5 år
Barn 2-5 år bør vere maks éin time dagleg på skjerm.
Ikkje bruk skjerm rundt måltida. Skjerm ekskluderer barn frå sosial trening rundt bordet og distraherer dei frå opplevinga.
Det er viktig og smart å etablere regler knytt til skjermbruk tidleg.
Du som vaksen er ansvarleg for regulering av skjermbruk. Barn klarer ikkje det sjølv.

Ingen skjerm før barnehage.
Ingen skjerm før fellesmåltid/middag etter barnehage. Dette er god øving på å kjede seg og skapar kreativitet. Dette er ein tilstand som må lærast.
Ingen skjerm i bil.
Ikkje ha på skjerm i bakgrunnen.

Skjermen steler kontakt med de vaksne
Babyar og små barn er helt avhengige av god kontakt med vaksne for å utvikle seg. Hyppig skjermbruk forstyrrar denne kontakten og kan føre til at dei opplever å bli avvist.
Skjermen steler fokus
Vi får dårlegare konsentrasjon ved mye skjermbruk. Å kjede seg gir rom for kreativitet. Du blir fort hekta på belønningane som hjernen får av å spille eller sjå på skjerm. Då vil vanleg læring opplevast kjedelegare.
Skjermen steler nattesøvnen
Skjermbruk på kveld påverkar søvnhormonet melatonin, noko som gir dålegare kvalitet på søvnen.

Skjermen steler tid for leik
Leik er viktig for barns utvikling. Både for sosiale ferdigheiter, regulering, språk, følelsar og generell utvikling. Barn trenger meir tid til leik.
Skjermen steler tid saman
De minste barna har ikkje vennskap på nett på same måte som eldre barn. Sosial trening og det å vere saman er viktig for barnet si evne til å utvikle relasjonar seinare.
Skjermen steler fysisk aktivitet
Barn i dag trenger meir aktivitet. Dei må være ute og utforske. Dette er viktig for sjølvstende, utvikling, og kroppsleg- og psykisk helse.