Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Barn og skjermbruk

Barn over fem år

Barn over fem år skal ha avgrensa passiv skjermbruk. Passiv skjermbruk er alenetid med skjerm der du berre sitt i ro og blir underheldt, som skrolling på sosiale media eller YouTube.

Skjermen steler fokus

Du får dårlegare konsentrasjon ved mye skjermbruk. Det å kjede seg gir rom for kreativitet. Du blir også fort hekta på belønninga som hjernen får av å spele eller sjå på skjerm. Det gjer at vanleg læring opplevast kjedelegare.

Skjermen steler motivasjon

Gaming og sosiale media kan bli oppslukande og skape avhengigheit. Dette kan føre til mindre motivasjon for å gå på  skolen eller å delta i sosiale samanhengar i den verkelege verden med jernaldrane eller familie.

Skjermen steler nattesøvnen

Skjermbruk på kveld påverkar søvnhormonet melatonin, noko som gir dårlegare kvalitet på søvnen. Det bør ikkje brukas skjerm på soverommet på kvelden, og ingen skjerm siste timen før leggetid.

Bilde – skjerm og nattesøvn

Skjermen steler fysisk aktivitet

Både barn, ungdom og vaksne treng å vere meir i aktivitet. Fysisk aktivitet er viktig for sjølvstende, utvikling, kroppsleg- og psykisk helse.

Utelek. Skjerm. Lekeapparater eller noe bak. Ball.

Skjermen steler tid saman

Sosial trening og å vere saman med andre er viktig for barn, ungdom og vaksne. Mykje tid på skjerm kan føre til tap av sosialt nettverk i den verkelege verda og minske sosial kompetanse.

Skjerm. Kortspill bak. Spill.

Skjermen steler leiketid

Leik er viktig for barns utvikling. Innan både sosiale ferdigheiter, regulering, språk, følelsar og generell utvikling. For ungdommar og vaksne er det viktig å leike i samtale med kvarandre.

Skjermen kan gi vennskap

Moglegheitene for å treffe likesinna eller utvide vennekretsen er lettare tilgjengeleg over digitale plattformer.

Sist oppdatert 09.07.2025