Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Gode råd, uansett alder
Desse kan vi alle bruke.
Vaksne treng også gode råd om skjermbruk, nemleg
Sett mobilen på lydlaus.
Ingen skjerm i bil.
Ingen skjerm under måltid.
Ingen skjerm minst éin time før leggetid.
Ingen skjerm på soverommet. Bruk vekkarklokke.
Del opp ønska skjermtid etter felles middag.
Bli einige med andre foreldre i klassen kva plattformer det er greitt å bruke.
Utsett bruk av smarttelefon til ungdomsskolealder.
Sjå heller på tv saman og ikkje bruk handhalde skjerm.
Sett reglene for skjermbruk tidleg.
Gå gjennom ulike skjermflater saman med barna ein gong i veka for å sjå kva som ligg der.
Har du barn?
Ta med deg desse råda
Ingen skjerm før skole om morgonen. Skjermbruk kan føre til at vi opplever at det blir for lite stimuli på skolen og dermed at skolen blir kjedeleg.
Ingen skjerm før middag eller fellesmåltid. Dette er en god øving på å kjede seg.
Ti minutt pause i skjermbruk minimum kvart 60-90 minutt ved konsoll eller PC. Oftare ved handheldt skjerm. Ikkje bruk mobiltelefon i pausen og hugs beveging av kropp og auge.
Bruk ønska skjermtid etter barnet har gjort lekser, trening, husarbeid eller andre ting. Maksimalt 0-4 timar per dag. Mengde er avhengig av den enkelte og regulerast etter korleis skjermbruk påverkar gjeremål eller det sosiale negativt. Lekser på skjerm kjem utanom.
Ingen skjerm siste time før leggetid, med unntak av vanleg tv. Handheldt skjerm påverkar melatonin og skjermtid gjer at vi blir aktivert.
Slå gamingutstyr heilt av, ikkje i kvilemodus då det påverkar inneklimaet. Ha periodar frie for gaming og sosiale media i minimum eitt døgn, og gjerne for hele familien. Sjå kven som klarar det lengst!
Lag klare reglar for nedlasting av appar og spill for barn.
Få mobiltelefonen og eventuelt andre handhalde skjermar ut av rommet de er i. Ver et godt eksempel for andre.
Ver trygg på nett
Gjer det tydeleg for barn at dei kan komme til deg dersom dei opplev noko ubehageleg eller vanskeleg på nett.
Vis interesse for barna sin digitale kvardag. Spør: «Korleis var det på nett i dag?».
Prat med barn om nettbruk, ha kjennskap til kva dei gjer på nett og kven nettvennene er.
Lær barna alltid å spørje om lov før dei deler bilde, video eller informasjon om andre.
Ha samtalar med barnet om kva som er greitt å seie på nett.
Lær barnet at personar dei har kontakt med over nett kan vere andre enn kva dei gjer seg ut for. Foreldre bør vere merksame på kven barna chattar med og tilgangsstyre der det er mogleg. Spill med chattefunksjon er ein kjent arena for “grooming”.
Lær barnet aldri å møte personar dei har blitt kjent med over nett. Då skal dei kontakte ein trygg vaksen om dei får ein slik førespurnad.
Mobilsertifikatet Trygg på nett er utvikla av Telenor i samarbeid med Barnevakten.no og er berekna for barn mellom 8 og 11 år. Bruk det.