Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Forskingsprosjekt

Batcat

Blåblokkering ved søvnlidingar hos barn og ungdom i BUP er ein pilotstudie der vi skal undersøkje om mindre blått lys kan gje betre søvn og betre psykisk helse for barn og unge.

Ikon

Når vi kallar dette ein pilotstudie, er det fordi BATCAT er ein av dei første slike studiar i verda, og vi treng òg å lære korleis vi best gjennomfører denne typen studie. Difor blir deltakarane si meining om korleis det var å vere med like viktig som å måle sjølve effektane av å redusere det blå lyset.

Kvifor er det viktig med forsking på lysforhold?

  • Lyset – og særleg den blå delen – vekkjer hjernen og resten av kroppen og styrer døgnrytmeklokkene i alle cellene i kroppen.
  • Dei siste 10–20 åra har vi fått mykje meir blått lys rundt oss frå LED-lys – utan at ein har tenkt så mykje på at dette forstyrrar døgnrytmen i kroppen og gjer oss unaturleg vakne om kvelden.
  • Det finst ingen studiar om korleis lyset er gjennom døgnet på sjukehusavdelingar for barn og unge.
  • Vi manglar studiar om effektar av blåblokkeringstiltak for barn og unge i BUP.
  • Mange barn og ungdom i BUP brukar ulike medisinar for å sove betre. Dersom enkle lystiltak kan ha god effekt, kan det styrkje eigen meistring hos barn og ungdom i ein viktig livsfase.

Dette skjer

  • Prosjektet varer i to eller tre veker for kvar deltakar, avhengig om du er innlagt eller i poliklinikk.
  • Den siste veka får deltakarane ein av to ulike metodar for å få mindre blått lys om kvelden. Den eine gruppa skal bruke døgnrytme-lysapp på mobilen, den andre gruppa skal i tillegg bruke blåblokkerande briller frå kl. 21 om kvelden til du sløkkjer lyset for å sove.
  • Du blir tilfeldig trekt ut til å vere i den eine eller den andre gruppa.
  • Prosjektet påverkar ikkje andre delar av innlegginga – berre om du brukar melatonin-tablettar må du ta pause frå dei minst to dagar før oppstart i studien.
  • Alle deltakarar får eit gåvekort på 200 kr for kvar veke dei er med i prosjektet.

Kva testar vi?

  • Vi vil måle kor lyst det er der du er på sjukehuset og heime – du får ein lysmålar som du festar på kleda om dagen og legg ved senga om natta.
  • Om søvnen din blir betre av metoden du skal bruke – du får søvndagbok på mobilen og går med aktivitetsmålar på handleddet.
  • Om du føler deg betre – både du og føresette svarar på nokre skjema før og etter veka med dei ulike metodane.

For dei som har lyst til å vere med på endå meir, vil vi òg teste dette:

  • Om metoden gjer at du klarer å lage meir av natthormonet melatonin – vi testar i urinprøver.
  • Om metodane gjer at du blir mindre stressa og får ein sterkare biologisk rytme i kroppen. Det kan vi måle med ei ekstra klokke i 24 timar, tre gonger under studieperioden.
  • Etter at dei to vekene er ferdige, skal vi intervjue nokre av deltakarane om korleis det var å vere med.

Desse kan vere med på studien

  • Barn/ungdom som er innlagde på døgnpost i BUP eller får behandling i poliklinikk.
  • Som har søvnlidingane insomni eller forseinka søvnfase.
  • Som er 12–18 år.
Sist oppdatert 19.11.2025