BUP
Til deg som er 16 år eller eldre
No er du 16 år og på veg inn i vaksenlivet! Då endrar det seg litt når det gjeld lover, reglar og rettar. Her får du ei kort oversikt frå oss på sjukehuset. Spør om det er noko du ikkje forstår, eller om du vil vite meir. Lykke til!
Frikort
Utgreiing og behandling på BUP er gratis så lenge du møter til avtalte timar. Frå du fyller 16 år, må du betale eigenandel når du har time hos lege, fysioterapeut, psykolog m.m. Du betaler også eigenandel på apotek når du hentar medisin på blå resept.
MEN når eigenandelane for legetimar, apotek og reiseutgifter har nådd taket for året, får du automatisk tilsendt frikort i posten. Då slepp du å betale eigenandel resten av kalenderåret.
Hugs: Du må sjølv fylle ut reiserekningar (sjå under). Meir info finn du her: Se frikort og egenandeler på Helsenorge - Helsenorge
Reiseutgifter til behandling eller kontroll
Har du meir enn 10 km til lege eller sjukehus, bør du fylle ut reiseskjema frå Pasientreiser. Då får du reisetilskot. Dette gjeld heile året, både før og etter at du får frikort.
Du treng ikkje legge ved oppmøtebekrefting. Det er berre føresette som må legge ved bekrefting dersom dei også søkjer om reisetilskot.
Meir info finn du på Pasientreiser - Helsenorge
Skule og studiestad
På ungdomsskule, vidaregåande og høgskule/universitet kan du søkje om:
- Fråvær på vitnemålet: Du kan få trekt frå inntil 10 dagar fråvær knytt til kronisk sjukdom (Forskrift til Opplæringslova § 3-41). Legeerklæring må visast. Søk via lærar eller rådgivar.
- Utvida eksamenstid: Søknad må sendast innan fristen. På høgskule/universitet kan fristen vere ved studiestart! Hugs legeerklæring.
- Sjukdom i studietida: Statens Lånekasse har informasjon om rettar dersom du blir langvarig sjuk.
- Yrkesval: Nokre diagnosar kan påverke yrkesval. Det kan vere lurt å undersøkje dette.
Treng du nokon å snakke med?
Som ungdom står du mellom det å vere barn og vaksen. Diagnosen din endrar seg kanskje ikkje, men du gjer – og livet ditt gjer. Du får meir ansvar og meir fridom.
Mange unge opplever periodar med tristheit, uro eller konfliktar. Då er det viktig å ha nokon å snakke med. Foreldre, lærarar, helsesjukepleiar eller fastlege kan vere gode samtalepartnarar. Dei kan også vise deg vidare til andre som kan hjelpe.
Hugs: Tidleg hjelp er ofte god hjelp!
Litt fakta til slutt
Visste du at du som 16-åring er helserettsleg myndig og har rett til å bestemme sjølv i saker som gjeld helsa di? Helsepersonell skal gi deg informasjon tilpassa deg, slik at du kan ta gjennomtenkte val.
Du kan sjølv:
- få digital tilgang til journal, timar, reseptar m.m. via https://www.helsenorge.no
seie ja eller nei til undersøking og behandling - velje din eigen fastlege (bytte via helsenorge.no eller ring 800 43 573)
- bestemme kven som får vite det du fortel til legen
- bestemme om foreldre eller andre skal vere med til undersøking eller behandling
- velje om opplysningar og prøver blir brukte til forsking
For pasientar under 18 år
Foreldre skal få nødvendig informasjon for å ta vare på deg, med mindre dine grunnar for å halde det tilbake bør respekterast. Dersom informasjon blir gitt til foreldra, skal du få beskjed.
Når du blir 18 år, bestemmer du alt sjølv. Helsehjelp kan berre gis om du samtykkjer. Det kan vere vanskelege val, så det er ofte lurt å ta med foreldre, vener eller kjærast i avgjerdene.
Med mindre du har gitt lov, er det berre helsepersonell som er involvert i behandlinga di som kan sjå journalen din.
Ordbok
- Helsepersonell: Legar, sjukepleiarar, psykologar og andre som jobbar i helsetenesta.
- Helseopplysningar: Opplysningar om kroppen din, sjukdom eller andre personlege forhold.
- Journal: Der alle helseopplysningar om deg er samla, til dømes legenotat og prøvesvar.
- Tausheitsplikt: Helsepersonell har ikkje lov til å dele konfidensiell informasjon om deg utan at du har godkjent det.
- Samtykke: Å gi lov til, for eksempel til behandling eller operasjon. Møter du til time, er det det same som å samtykkje (indirekte samtykke).
(Sosionomtenesta 2020)