Hollenderhaugen skolesenter - undervisning for innlagde barn og unge
Hollenderhaugen skulesenter, avdeling sykehusskolen, gir undervisning til barn og ungdom som er innlagde på barne- og ungdomspsykiatrisk post ved Haugesund sjukehus.
Om Hollenderhaugen skolesenter
I 2000 etablerte Rogaland fylkeskommune Hollenderhaugen skolesenter i Haugesund med heimel i opplæringslova § 13-2 og 13-3a.
Når eit barn eller ein ungdom er innlagd i ein medisinsk eller sosial institusjon, skal fylkeskommunen sørje for at retten til opplæring blir oppfylt.
Skolen ligg rett ved sjukehuset, i Karmsundgata 133.
Skoletilbod
Sykehusskolen gir eit tilpassa skoletilbod slik at elevane kan følgje den vanlege undervisinga, sjølv om dei ikkje kan vere på skolen.
Pasientane får ein eigen kontaktlærar på skolesenteret og undervisning både i grupper og individuelt.
Avdeling Sykehusskole - Hollenderhaugen skolesenter
Prioriteringar i skoletilbodet
- Skape eit positivt læringsmiljø
- Skape meistringsfølelse
- Vere i dialog
- Lytte
- Oppmuntre til vidare utdanning
- Formidle toleranse, respekt og likeverd
Samarbeid
Skolesenteret samarbeider med:
- Behandlar og miljøpersonalet ved BUP
- Heimeskulen
- PPT
- Barnevern
- Andre avdelingar ved Hollenderhaugen skolesenter
Rettar til opplæring i helseinstitusjon
Hollenderhaugen skolesenter er ei fylkeskommunal skuleeining som skal sørgje for at barn og unge i sosiale og medisinsk institusjonar i Nord-Rogaland får oppfylt retten sin til opplæring.
Opplæringslova §6-4 handlar om retten barn og unge har til undervisning når dei er i helseinstitusjon.
Opplæringslova §2-1 handlar om retten og plikta barn og unge har til opplæring.
Opplæringslova §28-4 handlar om fylkeskommunen si plikt til å sørgje for grunnskoleopplæring, spesialpedagogisk hjelp og vidaregåande opplæring i helseinstitusjonar som dei regionale helseføretaka eig.
Kontakt
Besøksadresse: Karmsundgata 133, 5522 Haugesund
Postadresse: Postboks 4123 Storastund, 5506 Haugesund
Administrasjon: Karmsundgata 51, 5531 Haugesund
Telefon administrasjon: 900 27 250
Telefon rektor: 991 03 431
E-post: hollenderhaugen-vgs@skole.rogfk.no
Heimeside: www.hollenderhaugen.no
NB! Hollenderhaugen skolesenter har midlertidig besøksadresse hausten 2025.
Du finn oss på same stad som administrasjonen, i Karmsundgata 51.