Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

BUP Helse Fonna

Terapihunden vår

Hos BUP har vi ein eigen terapihund som kan vere med oss i behandlinga av barn og ungdom.

For nokre barn, kan det vere ekstra nyttig – for eksempel for dei som har utfordringar innan autismespekteret, angst eller ADHD, eller for barn og ungdom som har opplevd noko vanskeleg, eller synast det er krevjande å få kontakt med nye vaksne.  

Korleis kan terapihunden hjelpe?

Å gå i terapi kan kjennast litt skummelt, rart eller stressande. Då kan terapihunden:

  • Gi tryggleik ved å vere ein roleg og god ven
  • Hjelpe deg å slappe av
  • Gjere rommet litt meir koseleg og mindre «vaksent»
  • Invitere til leik, smil og små pausar
  • Gjere det lettare å snakke om ting som er vanskeleg

Mange barn og ungdomar kan føle seg rolegare når hunden er der, og dei kan få meir lyst til å vere med i samtalar og aktivitetar.

 

Kva gjer terapihunden?

Terapihunden kan for eksempel:

  • Sitje saman med deg under samtalen
  • Vere med deg på små øvingar og aktivitetar
  • Bli klappa på når du treng ein pause
  • Gjere at du kjenner deg mindre stressa og uroleg

Hunden er trent til å jobbe saman med barn og ungdom, og behandlarane våre passar godt på deg og hunden medan de er saman.  

Sist oppdatert 17.02.2026