Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Dagkirurgi, Haugesund

Etter operasjonen

Her finn du viktig informasjon om kva som skjer etter operasjonen.

Overvaking før heimreise

Dei fleste blir flytta frå operasjonsbordet til ein liggestol, og deretter til overvakinga.

Du får kvile til du er klar til å reise heim. Vanleg tid på overvakinga er 45-90 minutt.

Etter operasjonen får du brødskiver og noko å drikke.

Ved sterke smerter eller kvalme kan du bli innlagd over natta, men dette er sjeldan nødvendig.

Når du skal heim

Du får med deg smertestillande tablettar, resept og sjukemelding ved behov.

Du får informasjon om operasjonen både munnleg og skriftleg.

Du skal ikkje vere aleine det første døgnet

Avtal med familie eller vener om å vere saman med deg det første døgnet etter operasjonen.

Du må ha ein vaksen person som kan hente deg etter operasjonen. Denne personen må vere tilgjengeleg for å hente deg, når som helst/heile dagen. Avdelinga stenger kl. 15.30.

NB! Dersom du ikkje har med nokon som kan hente deg eller vere hos deg, kan operasjonen bli avlyst.

Ta kontakt med oss på førehand dersom dette er eit problem, slik at vi best mogleg kan løyse dette.

Bilkøyring og parkering

Du kan ikkje sjølv køyre bil etter operasjonen. Avtal å bli henta.

NB! Det er vanskeleg å finne parkering ved sjukehuset. Berekn difor god tid ved henting. Bruk langtidsparkering, ikkje korttidsparkering.

Unngå å køyre bil dei første dagane dersom du brukar sterke smertestillande medisinar (merka med raud trekant).

Feber

Lett feber 1-2 dagar etter operasjonen er vanleg.

Dersom du får feber over 38,5 ˚C, eller feberen ikkje går ned etter 2-3 dagar og ikkje har samanheng med forkjøling/influensa, bør du kontakte fastlegen.

Kontakt oss

Har du spørsmål om inngrepet, sjukehusopphaldet eller anna? Ring oss gjerne, helst i god tid.

Telefonnummeret vårt er 52 73 24 90.

Sist oppdatert 09.12.2025