Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Dagkirurgi, Haugesund

Når du kjem til sjukehuset

Her finn du viktig informasjon om kva du må gjere dagen du skal på sjukehuset, og kva som skjer operasjonsdagen.

Oppmøtestad

  • Gå inn hovudinngangen ved Haugesund sjukehus.
  • Gå forbi Narvesen kiosken og vidare inn til operasjonsavdelinga i 1. etasje.
  • Meld deg i ekspedisjonen til operasjonsavdelinga.

Ventetid operasjonsdagen

Du må rekne med ventetid frå du kjem til du skal opererast.

Tida du er kalla inn til, er oppmøtetidspunkt, ikkje operasjonstidspunkt.

Det kan bli mykje seinare, og du må vere førebudd på å bruke heile dagen på sjukehuset.

Du kan dessverre ikkje ta med lesestoff, handarbeid eller mobiltelefon inn i avdelinga.

Samtale med lege

Når du kjem blir du tatt imot av ein sjukepleiar og får snakke med legen som skal operere deg.

Smertestillande medisin

Alle som skal ha undersøkingar eller inngrep, får smertestillande medisin på førehand. Vi kjem til å spørje om du toler Paracet og betennelsesdempande medisinar som Ibux/Naproxen.

Du får desse medisinane når du kjem, slik at effekten er god ved avslutting av inngrepet.

Narkose eller lokalbedøving?

Dei fleste som blir opererte ved dagkirurgisk avdeling får narkose.

  • Narkosen blir gitt intravenøst (gjennom ei kanyle i ei blodåre på handa).
  • Denne narkoseforma blir kalla TIVA (Total IntraVenøs Anestesi).
  • Du vaknar raskt etterpå, og det er sjeldan problem med kvalme.
  • Alle som får narkose har eit røyr ned i halsen under operasjonen. Dette får du etter at du har sovna. Du merker ikkje noko til det, men du kan vere litt sår i halsen nokre dagar etterpå.

Små inngrep i huda, på hand/fingrar eller tær gjer vi vanlegvis med lokalbedøving i staden for narkose. Du får beroligande medisin og eventuelt smertestillande slik at du har det bra.

Viktig for kvinner

Under narkose blir det nokre gonger brukt ein medisin som heiter Sugammadex.

Denne medisinen kan gjere p-piller og annan hormonell prevensjon mindre sikker i opptil 7 dagar.

Bruk ekstra beskyttelse (til dømes kondom) den første veka etter operasjonen.

Har du spørsmål? Snakk med legen eller sjukepleiaren.

Brukar du faste medisinar?

Det er viktig at du gir oss beskjed om medisinar du brukar.

Dersom nokre medisinar skal stoppast i samband med operasjonen, får du beskjed om dette i innkallingsbrevet.

Bruker du Somac eller andre syrenøytraliserande medisinar, bør du ta denne på morgonen operasjonsdagen med ½ glas vatn.

Sist oppdatert 09.12.2025