Dagkirurgi, Haugesund
Operasjonar for barn
Skal barnet ditt ha eit kirurgisk inngrep? Her finn du informasjon om korleis de må førebu dykk før de kjem på sjukehuset, og kva som skjer mens de er på sjukehuset.
Informasjon til føresette
Førebuingar heime
Før operasjonen må de gjere nokre førebuingar:
- Noter vekta og høgda til barnet – ta dette med til timen
- Medisinering:
- Barnet skal ta Paracet og Ibux heime før operasjonen, anten som mikstur eller tablettar. Følg doseringa i pakningsvedlegget.
- NB! Skriv ned styrke og mengde medisin barnet har fått, og ta med denne oversikta til sjukehuset.
- Dersom barnet ikkje vil ta medisinen i munnen, kan du gi ein dose Paracet som stikkpille. På sjukehuset gir vi då Ibux i tillegg som stikkpille etter at barnet har fått narkose.
- Gi medisinen like før avreise til sjukehuset. Tablettar kan takast med ½ glas vatn eller saft.
Emla-plaster
Saman med innkallingsbrevet får de to EMLA-bedøvingsplaster.
- Legg plastera over ei synleg blodåre på oversida av både venstre og høgre hand (eller i armkroken der ein vanlegvis tar blodprøver).
- Har de kort reiseveg: legg plastera på 1 time før oppmøte.
- Har de over ein time reiseveg: sett plastera på ved avreise.
Praktiske råd
- Barnet kan gjerne ha med smokk, kosebamse, Ipad eller liknande.
- La barnet tisse før de reiser heimefrå.
- Har de spørsmål eller er usikre på informasjonen, ring sekretær ved Dagkirurgisk eining på telefon 41 86 37 73.
Under og etter operasjonen
Barn kan berre ha éin pårørande med seg inn i operasjonsstua under operasjonen, og berre éin pårørande med seg inn på overvakinga etter operasjonen. Det treng ikkje vere same person.
Er du eit barn som skal ha operasjon?
Kanskje har du operert før, eller kjenner nokon som har gjort det? Her forklarer vi kva som skjer hos oss og kva du skal gjere operasjonsdagen.
Før operasjonen
Du må møte fastande på operasjonsdagen. Det betyr at du ikkje kan ete eller drikke same dag som du skal opererast. Du kan heller ikkje tygge tyggegummi eller ete drops. Du kan berre drikke ½ glass vann eller saft.
Heime skal du setje på EMLA-plaster (bedøvingsplaster) på begge handbakane. Du treng plaster fordi du skal få noko som heiter veneflon. Det er nesten som å ta ein blodprøve. Nokre synest dette gjer litt vondt, andre ikkje. Veneflonen gjer at legen kan gi medisinar når du skal sove under operasjonen.
Du får nokre medisinar heime. Det er fordi du ikkje skal ha så vondt når du vaknar etter operasjonen.
Når du kjem til oss
Du kan ta med deg bamse, kos, tutt eller kanskje ein Ipad om du vil.
Du får på ein pyjamas hos oss. Du kan behalde truse og sokkar, men ikkje dine eigne klede på operasjonsstua.
Dei minste barna blir som regel operert først, fordi det er vanskeleg for små barn å vere utan mat og drikke lenge. Er du litt eldre, kan det hende du må vente litt.
På operasjonsstua
Når du kjem på operasjonsstua møter du sjukepleiarar og legar i grøne klede. Dei er der for å passe på deg heile tida.
Ein vaksen får vere med deg inn til du sovnar. Den vaksne må ta på hette, frakk og skoovertrekk fordi det skal vere heilt reint på operasjonsstua.
Inne på operasjonsstua er det litt kaldt, og du ser lampar og TV-skjermar som blant anna måler korleis hjartet ditt slår.
Du får ei maske over nase og munn. Ho kan lukte litt rart. Gjennom maska får du luft som gjer at du sovnar.
Etter operasjonen
Når operasjonen er ferdig, vaknar du på ein stad som heiter overvakinga.
Du kan føle deg litt trøytt eller svimmel. Den vaksne som var med deg inn, er hos deg når du vaknar.
Det kan vere andre barn som søv der samtidig som deg.
Du skal vere på overvakinga til du er vaken nok til å reise heim.
Når du har vakna skikkeleg, får du noko å drikke – og kanskje ein is om du vil!
Dersom du vaknar på overvakinga, er det lurt at den vaksne som er med deg let deg sove i fred og vakne av deg sjølv.
Dersom det gjer litt vondt når du vaknar, får du smertestillande av oss slik at det blir betre.
Vanlegvis kan du reise heim same dag, men av og til må ein overnatte ei natt på sjukehuset før ein reiser heim.
Dersom du eller dei vaksne heime lurer på noko om operasjonen, er det berre å spørje oss sjukepleiarar.