Dagkirurgi Haugesund
Praktisk informasjon til pasientar ved dagkirurgien
Avbestilling eller endring av time
Gi beskjed dersom du ikkje treng timen eller ikkje kan møte. Logg inn på Helsenorge – din helse på nett - Helsenorge for å sende oss melding.
Dersom det er mindre enn to arbeidsdagar til timen, må du ringe oss på telefon 52 73 24 90.
Betaling
Ved poliklinisk besøk må du betale eigendel etter fastsett takst. Takst for poliklinisk besøk er for tida 403 kroner. Utgifter til bandasjemateriell og bedøvingsmiddel kan komme i tillegg.
Barn under 18 år betaler ikkje eigendel.
Faktura
Etter timen får du ein tekstmelding (SMS) med lenke der du kan velje om du vil betale med Vipps eller faktura.
Vel du faktura blir det sendt ein e-faktura til deg gebyrfritt. Det blir berre sendt ut papirfaktura til dei pasientane som har reservert seg mot e-faktura i nettbanken.
Gebyr
Møter du ikkje opp og har ikkje varsla oss seinast 24 timar før, må du betale gebyr. Gebyr for ikkje å møte opp er for tida 1612 kroner.