Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Et nærbilde av en operasjonslampe

Dagkirurgi, Stord

Dagkirurgisk eining er for pasientar som skal ha planlagde operasjonar. Pasientane møter på operasjonsdagen og reiser heim same dag.

Viktig informasjon til pasientar som har fått tildelt time 

Vi ber pasientar lese innkallingsbrevet nøye i god tid før timen.

Dei fleste som kjem til oss må førebu seg i forkant av timen, anten i form av blodprøvar, fasting, tarmtømming eller midlertidig stopp i medisinbruk. 

Viss du ikkje kjem førebudd til timen, vil vi måtte endre avtalen din og det kan bli lengre ventetid.

Innkallingsbrevet finn du når du loggar deg inn på Helsenorge – din helse på nett - Helsenorge 

På grunn av lange ventelister ber vi også pasientar om å behalde timen dei får tildelt, så langt det lar seg gjere. Endring av time kan føre til lengre ventetid. 

Pasientar under 18 år, eller som har særskilt behov, får ha med ein pårørande med seg inne på avdelinga. Andre pårørande må vente i daglegstova. 

Vi førebur pasientane før operasjonen. Etterpå blir dei overvaka og får informasjon tilpassa behandlinga dei får.

På dagkirurgisk eining jobbar sjukepleiarar, intensivsjukepleiarar og legar med ulike fagområde. 

Kontakt

Telefon dagkirurgisk eining

  • Måndag - Tysdag 07:30 - 16:00
  • Onsdag - Fredag 07:30 - 17:00
  • Laurdag - Søndag STENGT

Endre time på helsenorge.no

Endre time på helsenorge.no
For å sende melding med personsensitive opplysningar, bruk eDialog.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Gå til ventesone utanfor dagkirurgisk avdeling i 2. etasje på Stord sjukehus.

Du må først registrere at du er komen. Dette gjer du på automaten i resepsjonen i 1. etasje, eller på mobiltelefon via SMS-en du får frå oss. 

En bygning med trær og biler foran seg

Stord sjukehus

Tysevegen 64, 5416 Stord

Praktisk informasjon

Eigendel

Du får dekka deler av utgiftene dine ved behandling hos lege, på poliklinikk eller andre behandlingsinstitusjonar, men du må betale ein eigendel. Frikort for helsetenester får du når du har betalt over eit visst beløp i eigendelar. Det er ulike eigendelar avhengig av helseteneste.

Eigendelar for helsetenester - Helsenorge

Frikort

Du får frikort for helsetenester når du har betalt over eit visst beløp i eigendeler. Når du viser frikort, slepp du å betale eigendelar for resten av kalenderåret.

Frikort for helsetjenester - Helsenorge

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Publikumskantine finn du i underetasjen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 11.00-14.00. Det er stengt i helger og på heilagdagar.

Parkeringsplass for pasientar og besøkande ligg like utanfor sjukehuset, det er kort avstand for gåande. Parkering mot avgift.
 
Det er innført skiltgjenkjenningssystem på Stord sjukehus. Du får tilsendt faktura frå ParkPay etter inn- og utkøyring. 
 
​Pris for å parkere er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.
 
Det er mogleg å køyre heilt fram til hovudinngangen for å sleppe av passasjerar ved behov. 
 

1-2 timar før timen din får du SMS med informasjon om registrering, ventesone og betaling på sjukehuset.

Når du kjem kan du registrere deg via lenka du ha fått i tekstmeldinga, eller på automaten i resepsjonen ved hovudinngangen.

Etter timen kan du velje å betale via automat, Vipps, efaktura eller i resepsjonen.

Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF

Innkallinga til timen finn du alltid på helsenorge.no

​Kystbussen har terminal i Leirvik sentrum, sjå www.kystbussen.no for ruteinformasjon. Herfrå går det lokalbuss til sjukehuset og DPS-et. Meir informasjon om rutetider for lokalbuss finn du på www.skyss.no.

OBS: Ved søk i reiseplanleggaren må du skrive «Fylkessjukehuset» dersom du skal til/frå Stord sjukehus eller Stord DPS, då dette er Skyss sitt haldeplassnamn for dette busstoppet.

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

God surfing.