Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Eldremedisinsk avdeling

Tilvising (henvisning) til eldremedisinsk poliklinikk

Tilvising til eldremedisinsk poliklinikk

Tilfeller der fastlege/tilsynslege bør tilvise direkte videre til spesialisthelsetenesten, eldremedisinsk poliklinikk, kan vere:

Utvida utgreing ved mistanke om demens foreslås gjennomført i spesialisthelsetenesten når:

  1. basal utgreiing (anbefaling frå Helsedirektoratet) ikkje har vore tilstrekkeleg for å stille diagnose,
  2. symptoma er vanskelege å bedømme eller atypiske, eller
  3. når det klinisk sett er mistanke om at symptoma til personen kan tyde på sjelden demenssjukdom.

Behandlingstilbodet vårt

Vi tilbyr først pasienten:

  • utvida kognitiv undersøking,
  • magnetisk resonanstomografi (MR)-undersøking, dersom dette ikkje er tatt i løpet av siste seks månader. MR-undersøking er både for å ekskludere andre cerebrale patologier, og som hjelpemiddel for å identifisere eventuell type demenssjukdom.

Anbefalte undersøkingar

Ved fortsatt uavklart diagnose, anbefaler vi:

  • nevropsykologisk undersøking og/eller
  • funksjonelle hjerneundersøkingar med:
    • FDG-PET og/eller
    • DATscan og/eller
    • qEEG og/eller
  • spinalvæskeundersøking

Kva undersøkingar som er aktuelle avhenger av det totale sjukdomsbilde til pasienten, kliniske symptom og kva demenssjukdom det er mistanke om. Dette blir avgjort på individuelt grunnlag.

Sjå Nasjonal Faglig Retningslinje Demens kap 6: Utredning ved mistanke om demens og leges oppfølging etter diagnose - Helsedirektoratet

Krav for tilvising

Følgande pasienter kan tilvisast spesialisthelsetenesten for utgreiing:

  • Dersom pasienten er under 65 år.
  • Der det ikkje er mogleg for tilvisande lege å konkludere om personen har demens eller ei.
  • Komplekst og samansett symptombilde.
  • Når personen med kognitiv svikt også har annan kompliserande somatisk sjukdom.

Hovudreglar

Pasientar med rusutfordring bør vere rusfri i minst tre månader før utgreiing av kognitiv svikt.

Pasientar med nyleg gjennomgått infeksjon skal vente minst 6 veker etter infeksjonsslutt før utgreiing av kognitiv svikt.

For pasientar med nyleg gjennomgått hjerneslag/hjerneblødning/blodforgifting, må det gå minst 3 månader etter avslutta behandling før dei kan kome til utgreiing i poliklinikken.

Følg retningslinjene for utgreiinga ved:

Innhald i tilvising ved demensutgreiing og/eller utgreiing av kognitive symptom

Før tilvising til spesialisthelsetenesten om utvida demensutredning, skal basal demensutgreiing vere påbegynt og/eller utført i kommunehelsetenesten. Bruk gjerne hukommelsesteamet eller demenskoordinator i kommunen.

Tilvisinga til eldremedisinsk poliklinikk skal innehalde:

  • Sjukdomsdebut, inkludert beskriving av aktuelle symptom.
  • Beskriving frå MR-caput med demensprotokoll (ikkje eldre enn 6 månader).
  • Vedlagt rapport frå hukommelsesteam i sin heilheit, evt. resultat frå kognitive tester gjort av fastlegen.
  • Resultater frå somatisk undersøking, inkludert blodprøvar.
  • Oppdatert medisinliste.
  • Forventningar/behov frå tilvisar
    • kva er det fastlegen ikkje finn ut av?
    • Kva er bekymringa? Frå pasienten/pårørande?
  • Kartleggjing av heimesituasjon, og kva kommunale hjelpetilbod pasienten mottek.
  • Helsekrav til førarkort vurdert, sjå Førerkort og helsekrav - Helsenorge
  • Behov for tolk. NB! Familie skal ikkje brukast som tolk.

Nyttige lenker

Sist oppdatert 30.05.2025